Hopp til innhold

Vil ha meir pengar til slike bjøller

Bøndene meiner dei kan berge livet til fleire sauer dersom radiobjøller og e-bjøller blir brukt meir. Skal dei få til det må politikarane opne pengesekken.

E-bjølle på sau

GOD KONTROLL: Stadig fleire bønder tek i bruk radiobjøller og e-bjøller (som vist på denne sauen i Lærdal). Hadde endå fleire brukt bjøllene kunne fleire dyr vore berga, og bøndene kunne fått dokumentert fleire av rovdyrangrepa.

Foto: Jan Christian Jerving

Pål Kjorstad

VIL HA SLUTT PÅ DISKUSJONEN: Pål Skoe Kjorstad i Norsk Sau og Geit trur meir bruk av elektroniske bjøller vil kunne gje endå betre dokumentasjon på rovdyrangrep.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Vi har mange eksempel på at bjøllene har berga dyr. Vi har funne dyr som har sete fast, dyr som var sjuke og dyr som har døydd grunna rovviltangrep, seier Pål Skoe Kjorstad, styremedlem i Norsk Sau og Geit.

Elektroniske bjøller har vist seg som eit nyttig hjelpemiddel for bøndene. Ved å sende ut signal om dyra sin posisjon får bonden full kontroll på kvar dei er. Blir dyret verande på same plass over tid vil det gå ein alarm, og bonden kan reise ut for å finne ut kva som er gale, til dømes ved eit rovdyrangrep.

– Prisen stoppar meg

Men mange bønder ser seg ikkje råd. Blant dei sauebonde Per Ravndal i Førde.

– Det verkar heilt fantastisk, men prisen stoppar meg.

Fleire av dei som har prøvd bjøllene har sett nytte i det sjølv om dei ikkje har det på heile flokken. Ravndal trur det beste hadde vore å ha bjøller på alle sine 170 dyr, men med ein prislapp på mellom 1300 og 2000 kroner per bjølle, i tillegg til driftskostnader, blir det for dyrt.

– Skal ein få fleire til å bruke dette, må det betydeleg med midlar til, seier han.

Sauebonde Lars Nesse ladar opp sine 20 e-bjøller før sommaren

SVÆRT NYTTIG: Sauebonde Lars Nesse i Lærdal har 20 e-bjøller i bruk kvar sommar. Han seier det er svært nyttig å ha kontroll på kvar dyra er til ei kvar tid.

Foto: Jan Christian Jerving

Kan søke tilskot

Bøndene kan søke om tilskot til innkjøp av elektroniske bjøller gjennom to forskjellige ordningar; tilskot til tiltak i beiteområde og såkalla FKT-midlar.

– FKT-midlar er ei tilskotsordning som gjeld førebyggande tiltak mot rovviltskadar og konfliktdempande tiltak i forhold til rovvilt, seier Susann Hansen, seniorrådgjevar i Miljøverndirektoratet.

Dei har i år fått 70 millionar kroner til dette over statsbudsjettet.

Ein veldig liten del av desse midlane blir gitt som tilskot til innkjøp av elektroniske bjøller. Norsk Sau og Geit meiner behovet er langt større. Skoe Kjorstad viser til at prisen på bjøllene er det som skremmer vekk mange.

– Dei er for dyre.

E-bjølle på sau

DYRE: Prisen på dei elektroniske bjøllene er det som skremmer vekk mange bønder frå investeringa, seier Norsk Sau og Geit.

Foto: Jan Christian Jerving

Vil presse politikarane

Ein fersk rapport frå Norsk Institutt for Bioøkonomi peikar på stort behov for meir pengar til førebygging av rovviltskadar.

Styret i Norsk Sau og Geit bestemte sist veke at dei vil jobbe for å få miljøpolitikarane til å legge meir pengar i potten, slik at fleire kan ta i bruk elektroniske bjøller.

Skoe Kjorstad meiner auka bruk vil sikre endå betre dokumentasjon ved rovdyrangrep, og ikkje minst gjere til at bønder kan setje i verk tiltak raskare.

– For bøndene og samfunnet hadde det betydd slutten på den stadige diskusjonen om kor mange sauer som går tapt på grunn av freda rovvilt. Dette fordi vi ved hjelp av bjøllene hadde fått dokumentert fakta i større grad.