Grunnen til at gruppa med folk frå dei to fylkeskommunane, samt kommunane Vik, Voss, Høyanger og Aurland torer å satse på dyrast løysing, er at dei meiner dei alt har skaffa 4-500 millionar gjennom kommunale tilskot, konsesjonskraft, næringslivet m.m.
Fram til fylkestinga vedtek lineval til hausten, skal gruppa jobbe hardt med finansiering. Men dersom det ikkje let seg gjere å finne pengar innanfor akseptabel tidshorisont, som dei skriv, vil dei gå for billegaste løysing, som eit byggesteg 1. Kort tunnel må då vere eit første byggesteg, seier leiar for gruppa, Erling Stadheim.