Hopp til innhold

Vil ha full gjennomgang

Uavhengige personar må gå gjennom Tall Ships` Races for å finne den ansvarlege for underskotet, meiner frontfigur i Måløy.

Tall ships`Races i Måløy
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Dagleg leiar i Måløy Vekst, Alfred Bjørlo, meiner det har teke alt for lang tid å finne ut kva som er den eigentlege årsaka til at seglskutefestivalen kunne gå heile 15 millionar kroner i minus.

Vil finne den ansvarlege

- Eg trur ein er nøydd til å få nokre uavhengige blikk utanfrå for å sjå kva som har skjedd og gå vidare med saka. Her handlar det ikkje berre om å få tala på bordet, men å få ei vurdering av kven som til sjuande og sist sit med ansvaret for kva som har skjedd, seier seier Bjørlo.

Framleis kjem det nye avsløringar av kva pengane har vore nytta til.

Etter at NRK fekk innsyn i reiserekningar, vart det kjent at kommunen har brukt 140 000 kroner på ein delegasjonstur til Fredrikstad. Det var også kjent at representantar frå Tall Ships` Races har reist til ei rekkje europeiske storbyar på kommunen si rekning.

I løpet av 2006 og 2007 var dei mellom anna i Antwerpen, La Courona, Amsterdam, Lisboa, Århus, Stockholm, Stettin, Warsawa og Berlin. Til saman har det har vore brukt 1,9 millionar på reiser og promotering.

Blir ikkje ferdig med saka

Også Bjørlo undrar seg over korleis overforbruket kunne komme opp i 15 millionar kroner.

- Det store problemet er ein ikkje greier å bli ferdig med saka. Det blir ein følgjetong som går år etter år utan at ein får rydda opp og gå vidare, seier Bjørlo.

- Så kontrollutvalet er ikkje nok?

- Skal ein bli ferdig, trur eg ein må ha sjølvstende til nokon som kjem utanfrå, seier han.

Bjørlo fryktar andre sektorar i Vågsøy blir skadelidande av at alt fokus blir retta mot rotet i Tall Ships` Races.

- Alt fokus i det politiske miljøet går til å fordele skuld for det som har vore i staden for å rette blikket framover og sjå på sjansar som kjem, seier han.