Hopp til innhold

Dei borgarlege partia kjempar samla for tidleg oppstart for Vikafjellstunnel

Den borgarlege opposisjonen på Stortinget står samla om å flytte byggjing av tunnel under Vikafjellet fram i første delen av Nasjonal Transportplan.

Hoksrud, Hareide, Schou

SAMLA: Knut Arilld Hareide (KrF), Bård Hoksrud (Frp) og Ingjerd Schou (H) vil alle ha Vikafjellstunnelen tidleg i Nasjonal Transportplan.

– For KrF sin del så er vi opptekne av å sikre oppstart av Vikafjellstunnel i første del av planperioden, seier leiar i transportkomiteen på Stortinget, Knut Arild Hareide (KrF).

Det var ein historisk champagneskål i Vik for to månader sidan. Ordførar Marta Finden Halset jubla over ei melding vikjene hadde venta på i femti år.

Borgarleg tunnel-ja

Regjeringa gav grønt lys til å starta arbeidet med ein tunnel gjennom Vikafjellet i perioden 2018-2023, men for Finden Halset var ikkje arbeidet gjort med det.

– Vi skal jo brette opp ermene og prøve å jobbe tunnelen fram i første perioden i tilfelle, sa ordføraren til NRK.

Og det kan sjå ut som om dei borgarlege partia på Stortinget har lånt øyre til både ordføraren i Vik og til sine eigne fotfolk i Sogn og Fjordane.

Regjeringa vil leggje tunnel gjennom Vikafjellet. Sjølv om midlane først kjem i andre planperiode av NTP, vart dette feira med champagne, kake og gamalost i Vik.

GLADE VIKJER: Spretta champagnen for Vikafjellstunnelen.

– Kjempeviktig prosjekt

Når transportkomiteen på Stortinget skal handsama Nasjonal transportplan i morgon, vil både Krf, Høgre og Framstegspartiet skunda fram bygginga av ein tunnel gjennom Vikafjellet. Det er det gode grunnar til, meiner andre nestleiar i komiteen, Bård Hoksrud frå Frp.

– Dette er eit kjempeviktig prosjekt, og det er dårleg vinterregularitet der. Så vi ønskjer å trekkje prosjektet fram og få starta det opp i første del av planperioden, og så raskt som det er mogleg å kome i gang med byggjing, seier Hoksrud.

Lovar endring

Dei borgarlege partia har ikkje fleirtal på Stortinget. Men dersom det blir regjeringsskifte til hausten, lovar samferdslepolitisk talsperson i Høgre, Ingjerd Schou, at bygginga av Vikafjellstunnelen startar før 2018..

– Da vil jo Vikafjellstunnelen liggje der som ein prioritet i første del av perioden og ikkje i siste slik regjeringa tilrår, seier Schou.

Vikafjellsvegen, sett frå vossesida.

SKAL FÅ TUNNEL: Vikjene har i 50 år kjempa for å få tunnel under Vikafjellet. No kan den bli ein realitet.

Foto: Ottar Starheim / NRK