Sogn Regionråd vil be om eit møte med Helse Førde for å få avklart akuttberedskapen ved Lærdal sjukehus. Ifølgje leiar Knut O. Aarethun jobbar Helse Førde for å få til ein type akuttberedskap i Lærdal. - Vi må passe på at beredskapen ikkje blir så lett at det til slutt ikkje er noko igjen, seier han.
Lærdal sjukehus
Krev klarare svar
Når akuttsituasjonen no har roa seg i Nordfjord, krev lærdølene ei avklaring om akuttberedskapen i Sogn. Sosial- og Helsedirektoratet har opna for at Helse Førde framleis kan ha turnuskandidatar ved lokalsjukehusa, og administrerande direktør Jon Bolstad meinte dette var gledeleg. No blir det lettare å skaffe øyeblikkeleg hjelp innanfor ortopedien både på Nordfjordeid og i Lærdal, sa Bolstad for knappe to veker sidan. No vil Sogn Regionråd ha eit klarare svar på kva dette betyr for akuttberedskapen i Lærdal.
God trend
- No er sjukehuset inne i ein god trend med ortopedisk klinikk, urologi, øyre, nase, hals og indremedisin som fungerer bra. Difor må vi også få opp akuttberedskapen, meiner han.
Ikkje light-akutt"
For Aarethun vil ikkje ha snakk om nokon lett, eller light-versjon av akuttberedskapen i Sogn. - Vi kan ikkje ha nokon akuttberedskap som er på minimumsbluss, og som fører til at folk i regionen må reise unødvendig langt, seier han.