Vil ha 8 millionar før samanslåinga

Førde-ordførar Olve Grotle meiner Førde, Jølster, Naustdal og Gaular har rett på åtte millionar kroner før dei blir til Sunnfjord kommune frå nyttår. I dag møtte han og andre representantar frå Sunnfjord kommunalminister Monica Mæland. – Vi har ei klar melding til statsråden, nemleg at ein må fylle opp heilt det som vart lova når det gjeld økonomi, seier Grotle. Statsråden vil ikkje kome med garantiar, men vil følgje opp saka. – Det er nokre ganske få kommunar som opplever at dei taper på samanslåing. Vi skal sjå til at det ikkje skjer, seier ho.

Monica Mæland og Olve Grotle
Foto: Artur do Carmo / NRK