Hopp til innhold

Slik vil dei gjere museum til noko morosamt

På Bremuseet i Fjærland må du vere budd på at det kan dukke opp ein isbjørn i spegelen. Dette er eit av fleire nye grep museumsleiinga har gjort for å gjere museumsopplevinga meir underhaldande.

På toaletta ved Bremuseet i Fjærland skal du ikkje sjå vekk frå at du møter på ein brølande isbjørn i spegelen.

På toaletta ved Bremuseet i Fjærland skal du ikkje sjå vekk frå at du møter på ein brølande isbjørn i spegelen. Foto: Gro Ravnestad

For er du heldig, eller kanskje uheldig, dukkar eit bilete av ein isbjørn opp i spegelen framfor deg og brøler høgt medan du vaskar hendene på Bremuseet.

– Vi er veldig opptekne av at det skal vere morosamt å gå på museum, slik at barn i fylket og heile Norge skal kome hit og synest at museum er kjekt, seier museumsdirektør i Fjærland, John Brekke.

Satsar på overraskingar

John Brekke og isbjørnen ved Bremuseet i Fjærland

POPULÆR: Det er umogleg å oversjå den svære isbjørnen i inngangshallen ved Bremusset i Fjærland. Her med direktør John Brekke i labben.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Dei har i år satsa ekstra sterkt på overraskingar.

– I år har det vore ekstra kjekt å fornye, for vi har satsa litt på denne delen som vi kallar underhaldning for heile familien, men sjølvsagt helst for dei små, så det er veldig morosamt, fortel Brekke.

Sidan Brekke overtok drifta av museet har det stadig dukka opp nye og spennande ting, blant anna ein svær, utstoppa isbjørn i hallen og store figurar av mammutar utanfor museet.

Auke i turisttala

Om det er dette som er årsaka skal vere usagt, men besøkstala har auka jamt og trutt. Også årets sesong har fått ein god start.

– Vi er veldig nøgd, og optimistiske. Eg gjekk gjennom tala i går. Vi ligg ni prosent føre fjoråret, som også var eit veldig godt år. Så vi berre håpar at dette held fram.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mammut og turist ved Bremuseet i Fjærland

STADIG FORNYING: Sidan dei store mammutane kom til Fjærland har det blitt gjort endå fleire fornyingar ved museet.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Han forklarar dette med ein generell oppgang igjen i turismen.

– Det har stabilisert seg litt ute i Europa og så vidare, og så er det kanskje det at nokre segment kjem tidlegare enn før. Det vil ikkje nødvendigvis bety at totalen blir mykje betre, men det er ein marknad i stor rørsle, så her gjeld det å følgje med i svingane og det er spennande, seier Brekke.

– Kina på dørstokken

Og med ein marknad som stadig er ei endring, er også museumsleiinga stadig på jakt etter nye turistgrupper.

– Vi har Kina ved dørstokken. Norge har jo vore den forbodne by lenge, men det vil kanskje bli stor tilstrøyming av kinesarane når den blir opna. Brasil er på veg inn, russarane var på full veg inn før det skjedde ei krise der. Så det er ein veldig spennande marknad som er kjekk å jobbe med, seier direktøren.

Brekke har bakgrunn frå Barcelona i Spania, men trur likevel at han vert verande i Fjærland.

– Det håpar eg inderleg, for vi har mange idear og planar. Vi har allereie teikna nye utstillingar, og dei to siste åra har vi vel kome med rundt tjue spennande endringar her.