– Kollektivtilbodet er ikkje tilpassa, og vi ser at dei er avhengige av sertifikat for å få kvardagen til å gå rundt, seier Viktor Yttri, lokallagsleiar i Lærdal Senterparti.
Han og partiet i Lærdal vil finne ei ordning for å gi flyktningane førarkort. Slik håpar dei at flest mogleg vil bli buande i kommunen.
Forslaget blir godt tatt imot av dei som no kan få pengar til førarkort.
– Eg trivast i Lærdal og det er godt for borna å bu her, men eg treng sertifikatet, slik at ein kan kome seg til jobb og skule, seier Johan Rame frå Syria.
Han bur på Lærdalsøyri saman med kona Judy Ramo og sonen på halvanna år. Familien vart busett i Lærdal i januar. Rame snakkar godt norsk og har deltidsjobb på Kiwi, men har ikkje fått førarkort i Noreg ennå.
– Det er veldig dyrt og det finst heller ikkje køyreskule her i Lærdal, så det er vanskeleg, seier Rame.
Vil halde på flyktningane
Viktor Yttri i Senterpartiet meiner det er eit viktig forslag dei no kjem med.
– Det er viktig for integreringa at vi tek oss råd til dette no, slik at flyktningane blir meir sjølvhjelpne og kjem seg inn på arbeidsmarknaden.
I Lærdal bur det om lag 2200 innbyggjarar. 62 av dei er busette flyktningar. Yttri håpar at forslaget kan få flyktningane til å bli buande i kommunen.
– Ein kan nok tenkje seg til at dei blir buande dersom dei får teke sertifikatet. I distrikts-Noreg er ein avhengig av bil for å kome seg rundt til arbeid og fritidsaktivitetar, seier Yttri.
– Blir enklare å flytte vekk
Innvandringspolitisk talsperson i Framstegspartiet, Jon Engen-Helgheim, syntest ikkje noko om forslaget. Han trur det vil verke mot sin hensikt.
– Dette er veldig rart. Eg kan ikkje skjønne at eit slikt forslag vil gje ein annan effekt enn at det berre vil bli enklare å flytte frå bygda.
Helgheim meiner det er for mange støtteordningar i den norske integreringspolitikken, og at dette er nok eit gratis-tilbod.
– Vi gjer for mykje utan å stille krav tilbake. Viss kommunen skal stille opp med så mykje pengar, så må alle som står utanfor arbeidslinja få det tilbodet, og det må vere eit krav om at dei kjem i arbeid etter å ha fått sertifikatet.
– Ein må heller gjere alt ein kan for at flyktningane kjem i arbeid – det vil knytte dei til bygda, og det er det som er god integrering, seier han.
Kan busetje seg i heile kommunen
På ein daglegvarebutikk, 10 kilometer frå Lærdalsøyri, er Jamal Amini frå Iran på språkpraksis. Utan sertifikat brukar han mykje tid på å kome seg til og frå jobb.
– Då eg høyrde forslaget vart eg veldig glad, seier han
John Bøthun Liøen, som er flyktningkonsulent i kommunen, trur sertifikatet er viktig for mange av flyktningane.
– Det er jo ikkje akkurat eit sprekt kollektivtilbod her. Så utan førarkort avgrensast til ein viss grad moglegheita for jobb og til å busetje seg i heile kommunen, seier han.