NRK Meny
Normal

Vil gi meir pengar til fylket

– Fylkeskommunen vil få meir pengar som tapskompensasjon, dersom Venstre får gjennomslag for sitt alternative budsjettforslag. Det seier fylkesleiar Gunhild Berge Stang.

Trude Brosvik og Gunhild Berge Stang

STATSBUDSJETT: I dag legg KrF og Venstre fram sine alternative budsjett. Her er fylkesleiar Trude Brosvik (KrF) og fylkesleiar i Venstre Gunhild Berge Stang.

Foto: Montasje: Marie Stafsnes Osland / NRK

I dag legg partiet legg fram sine økonomiske prioriteringar

– Desse pengane kan vege opp for lågare inntekter for fylkeskommunane, seier Berge Stang.

For nokre veker sidan regjeringa med sitt framlegg til statsbudsjett , men regjeringa må samarbeide med Venstre og/eller KrF for å få fleirtal. Når Venstre no presenter sitt alternative budsjett kjem dei med ei rekkje krav til regjeringa.

– Vi satsar på 25 fleire studieplassar ved høgskulen, vil løyve 82 millionar kroner til utdjuping av Florø hamn og vi aukar tapskompensasjonen til fylkeskommunen slik at ein unngår kutt der, seier Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V).

Satsar på distrikta

KrF har på si side sett av 60 millionar kroner til dei fylkeskommunane som kjem dårlegast ut av endringane i inntektssystemet,

– Dette blir fjerde år på rad KrF saman med Venstre tar jobben for å sikre økonomien til fylket vårt. Dersom KrF får med seg samarbeidspartia betyr det 22 millionar til fylket, i tråd med det ein har bede om då dei drastiske endringane slo inn, skriv fylkesleiar Trude Brosvik i pressemelding.

KrF ynskjer også å bruke 21 millionar kroner til utviding av fengselet i Vik. Dei ynskjer auka breibandtilskot, framhald av småkommunetillegget og rassikring.

Trur på gjennomslag

– Vi har ved tidlegare forhandlingane synt at vi kan få gjennom saker som er viktige for Sogn og Fjordane, seier Rotevatn.

Han peikar blant anna på at dei tidlegare har fått på plass 30 millionar kroner til breidbandsutbygging i Sogn og Fjordane, og ikkje minst at dei også ved førre korsveg fekk styrka økonomien til fylkeskommunen.

Han meiner det difor er realistisk at dei skal få gjennomslag i budsjettforhandlingane med regjeringa.

– Vi er fire parti som skal verte samde, men eg skal i alle fall stå på for at Sogn og Fjordane skal kome godt ut av budsjettforhandlingane, seier Rotevatn.

– Kva vert dei viktigaste sakene for Sogn og Fjordane i forhandlingane du no skal inn i?

– Vi legg fram ei prioritert liste som vi meiner er viktig for fylket. Dersom regjeringa er usamde så skal vi ta diskusjonen, men målet er å få gjennomslag for alt, seier Rotevatn.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.