Hopp til innhold

Vil gi 15 millionar til Elkem

Hovudutvalet for plan- og næring rår til at fylkeskommunen skal gi eit tilskot på 15 millionar kroner til ei satsing på høgreint silisium ved Elkem Bremanger.

Elkem Solar vurderer Bremanger som ein av fleire aktuelle plassar for nysatsinga. Ei rekkje instansar jobbar med ein omfattande tiltakspakke for å få verksemda til Bremanger.

Tilskot frå fylket er ein del av denne. Elkem Solar tek avgjerd om lokalisering i månadsskiftet mai/juni.