NRK Meny
Normal

Vil få gruveinvestorar til å trekkje seg

Det var målet til 120 demonstrantar som torsdag troppa opp utanfor Nordic Mining si ekstraordinære generalforsamling i Oslo. Men gruveselskapet let seg ikkje skremme.

Demonstrasjon mot gruvedrift

PROTESTERTE: Over hundre demonstrantar var samla utanfor då Nordic Mining hadde ekstraordinær generalforsamling i Oslo. Natur og Ungdom hadde med seg representantar frå Rød Ungdom, Sosialistisk Ungdom, Oslo AUF, Oslo Unge Venstrew og Oslo Grønn Ungdom.

Foto: Natur og Ungdom

– Vi vil vise at vi er til stades, og oppmode investorar om å trekkje seg ut av selskapet, seier andre nestleiar i Natur og Ungdom, Magnus Storvoll Strømseth.

Då Nordic Mining torsdag hadde ekstraordinær generalforsamling i Oslo stod demonstrantar frå Natur og Ungdom og fleire ungdomspolitiske parti utanfor. Dei er sterkt imot fjorddeponi i Førdefjorden i samband med gruvedrift i Engebøfjellet.

Håpar å skape uvisse

Denne veka har fleire aksjonistar frå Natur og Ungdom drive sivil ulydnad i Vevring i Naustdal, der Nordic Mining driv prøveboring etter rutil. Også i Oslo ville folk seie sitt.

– Det vil vise seg om nokon følgjer oppmodinga. Vi har tidlegare fått investorar til å trekkje seg når dei har skjønt kva prosjekt dei har investert i, seier Strømseth, og viser til Tine sitt pensjonsfond sin redusering av eigarposten.

Ifølgje Strømseth skal administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum, på generalforsamlinga ha sagt at oppstyret skapar ein utryggleik for investorane.

– Vi har oppnådd mykje når vi klarer å skape uvisse, seier Strømseth.

Demonstrasjon mot gruvedrift i Naustdal

GIR IKKJE OPP: Natur og Ungdom har gått hardt ut mot Nordic Mining denne veka.

Foto: Natur og Ungdom

Ikkje redd for å tape investorar

– Eg hugsar ikkje akkurat dei vendingane der, men eg gav vel uttrykk for at vi har opplevd litt forseinkingar i dei geologiske undersøkingane vi prøvar å gjennomføre, og det er ikkje noko positivt i seg sjølv, seier Fossum sjølv.

Han har ingenting imot demonstrasjonar som den i Oslo, men seier dei ikkje kan akseptere ulovlege aksjonar.

Ivar S. Fossum

UTFORDRINGAR: Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum, vedgår at sivil ulydnad skapar utfordringar for dei.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Det er openbert at store oppslag med den type aksjonar ikkje er noko som nokon har lyst til å sjå. Men vi er på den rette sida av loven, aksjonistane er på den andre sida, og vi har gjennom demokratiske og lange prosessar fått dei rettane vi har.

– Er du redd for at aksjonane skal få investorar til å trekkje seg?

– Ikkje i det heile. Det ligg såpass mykje underliggande verdiar i vårt selskap som vi skal vidareutvikle, både i Norge og andre stader, og når konjunkturen snur så har vi mykje spennande potensial i våre prosjekt.

– Tek mykje ressursar frå oss

Han har ikkje eit klart svar på kva sivil ulydnad i Vevring, som no har skjedd tre dagar på rad, har kosta dei.

– Men det er klart at dette er kostbare operasjonar. Og for kvar gong desse lovlege arbeida vert avbrotne av ulovlege aksjonar, så tek det mykje ressursar frå oss. Ikkje berre i pengar, men også i fokus og tid.

Trass i aksjonane har Nordic Mining fått henta ut dei første kjerneprøvene frå Engebøfjellet i Naustdal, og skal no hente ut informasjon frå prøvene.

Nye aksjonar i Vevring på grunn av gruve og fjorddeponi i Vevring.

NYE AKSJONAR: Torsdag heldt aksjonane fram på toppen av Engebøfjellet i Naustdal. (Foto/redigering: Arne Stubhaug)

Vegopning på Bergum i Førde kommune