The Ibsen Factor er eit lite filmselskap med produsenten Ragnar Lasse Henriksen i førarsetet. Henriksen som har opphavet sitt frå Balestrand har 30 års erfaring frå filmbransjen, men med det nye selskapet The Ibsen Factor har han enno ikkje lukkast å lage ein langfilm.
Dette håpar han skal skje i Sogn til sommaren, der han har planar om å filmatisere Ibsen-stykke "Naar de døde vaagner". Norsk filmfond har alt gjeve støtte til forprosjektet.
Ber om tomt
Men det er hans planar om eit kreativt filmsenter i Balestrand som har utfordra politikarane i kommunen. Henriksen har nemleg bede om ei gratis tomt, med det føremålet å lage ein samlingsplass for filmskaparar frå heile Europa.
Filmprodusenten vil ikkje utdjupe meir om planane. Men han har presentert dei for Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane, og for politikarane i Balestrand. Finansieringa er langt frå klar og The Ibsen Factor har mykje hardt arbeid framfor seg før dei eventuelt kan ta til med bygginga.
Ordførar Erland Fagermoen. (Foto: NRK)
Positive i Balestrand
I Balestrand er i alle fall ordføraren positiv og nysgjerrig på eit slikt filmsenter. Han seier difor at kommunen truleg stiller tomt til disposisjon dersom Henriksen får på plass finansieringa. Bygginga kan uansett tidlegaste kome i gong først til neste år.