Vil bygge Via Ferrata til Europas høgste sjøklippe

Sogn og Fjordane kan no få sin andre såkalla Via Ferrata. Det er nemleg planar om å bygge ein fast klatresti til Hornelen i Bremanger.

Via Ferrata til Hornelen

SLIK KAN DET BLIR: Her går den planlagde Via Ferrata-ruta til Hornelen. Den blå streken er mogleg trase for tilkomstveg – den raude er mogleg klatresti (Via Ferrata)

Foto: Visit FjordKysten AS

– Hornelen er jo Europas høgste sjøklippe, og der ynskjer vi å etablere ei klatrerute på nordaustveggen, seier Wenny Irene Hansen, som er dagleg leiar i Visit FjordKysten AS.

Wenny Irene Hansen, dagleg leiar i Visit FjordKysten AS

LUFTIGE PLANAR: Wenny Irene Hansen er dagleg leiar i Visit FjordKysten AS

Foto: Pressefoto

Nyleg hadde dei geolog på plass for å sikre at det er forsvarleg å legge ruta der dei har tenkt.

– No har eg ikkje fått den endelege rapporten, men dei førebelse tilbakemeldingane er at det ser bra ut.

Ynda turmål

Allereie i dag er Hornelen (860 moh.) eit ynda turmål for reisande.

– Kvar år går 2000 personar til Hornelen, utan noko meir tilrettelegging enn det som er der i dag, seier Hansen.

Hornelen med hurtigruta

NYTT TURTILBOD: Europas høgste sjøklippe kan få såkalla Via Ferrata.

Foto: Rolf M. Sørensen

I dag er det åtte såkalla Via Ferrata ruter i Norge. Ei av dei ligg i Loen i Stryn. Der hadde dei i 2014 nærare 4000 besøkande.

– Vi veit jo at alle som har laga Via Ferrata-ruter har opplevd ein auke i besøkstalet, men eg torer ikkje seie noko tal no for kva vi kan forvente til Hornelen.

– Men populariteten til Via Ferrata ruta i Loen er noko av grunnen til at de ynskjer å etablere eit liknande tilbod?

Utsikt frå Hornelen

POPULÆRT: Allereie i dag vitjar 2000 personar i året Hornelen.

Foto: Visit FjordKysten AS

– Ja, det er ein trend i samfunnet at ein ynskjer å vere meir aktiv når ein er ute. Og når vi ser på Loen, er det ein inspirasjon for oss også, seier Hansen.

Jobbar med finansiering

Tom Joensen

SPANANDE PROSJEKT: Tom Joensen er rådmann i Bremanger.

Foto: Bård Siem / NRK

Sjølve Via Ferrata-ruta er kostnadsrekna til ein million kroner. Når ein tek med tilrettelegging av andre turstiar i området, parkeringsplassar og toalett endar prisen på prosjektet ein stad mellom fire og fem millionar kroner.

– No er vi ute etter ein hovudsponsor, seier Hansen.

Målet er å kunne opne Via Ferrata-ruta til Hornelen i 2017. I Bremanger trur rådmann Tom Joensen at dette kan gi eit løft til kommunen.

– Det som går på turisme er den raskast veksande industrien i verda, og utvikling av besøksnæringar har stor betydning for bulyst og attraktivitet. Kan vi få opp eit konsept rundt Hornelen, og gjere meir ut av det enn vi gjer i dag, så trur eg det kan bi svært spanande, seier Joensen.

Den planlagde ruta til Hornelen

SLIK KAN DET BLIR: Her går den planlagde Via Ferrata-ruta til Hornelen.

Foto: Visit FjordKysten AS