Vil bli kulturfyrtårn i vest

Sogn og Fjordane har vore leiande på kulturområdet i mange tiår, og kan bli eit kulturfyrtårn i vest, sa fylkesordførar Jenny Følling til fylkestinget i går. – Å bygge på vår felles vestlandskultur vil vere viktig for å sveise saman folk i det nye fylket, både politisk og administrativt, sa Følling. Konkret nemnde ho «Nynorsk medie- og kulturhus» i Førde som eit viktig prosjekt å løfte fram.