- LES OGSÅ:
Laurdag har Arbeidarpartiet sitt nominasjonsmøte på Skei i Jølster.
Truga med boikott
I forkant av møtet har fleire av lokallaga til partiet truga med å kutte Clara Øberg og Harry Mowatt på lista.
- LES OGSÅ:
Sjukehuskampen i Sogn og Fjordane er årsaka, og fleire har vore ute med kritikk av det dei to styremedlemmene i Helse Førde.
Det gjeld spesielt lokallagsgruppa i Florø.
(Artikkelen held fram under biletet)
Snudde tvert
Men i løpet av laurdag føremiddag har dei altså snudd i sitt syn på Øberg og Mowatt.
- LES OGSÅ:
No vil dei ha dei to likevel, og på møtet argumenterer dei heftig for å behalde dei.
- LES OGSÅ:
AUF kan bli jokeren i avrøystinga. Dei har ikkje flagga syn på Mowatt og Øberg. Men har kritisert lista som føreligg for å vere for "gammal".
Usikker 10.plass
AUF-leiar Torbjørn Vereide står på ein usikker 10. Plass.
Vil han gå inn i alliansen til Nordfjord og indre Sogn i bytte mot ein høgare plass på lista?
Alliansen mellom Nordfjord og indre Sogn som vil kaste Mowatt og Øberg har endå ikkje fremja motforslag.
Høl på topp?
Mykje tyder på at Hilmar Høl kan sigle opp som ein av deira kandidatar.
Fleire har pressa på for at dei skal offentleggjere sine kandidatar.
Men lærdalsleiar Knut Aarethun sa «ha tålmod mine vener, namna vil snart kome for ein dag.»
NRK kjem tilbake med meir frå nominasjonsmøte på Skei.