Hopp til innhold

Vil avklare freda sjukehus-struktur

Styret i Helse Førde ber Helse Vest avklare den freda sjukehus-strukturen i fylket.

Clara Øberg
Foto: NRK

Sogn og Fjordane har spesialist-helseteneste på seks ulike stader, og delar av dette kjem av pålegg frå regjeringa. Styret meiner dette er ei dyr ordning, og vil vite om dei kan gjere noko med strukturane for å få til dei store innsparingane på budsjettet.

- I første omgang så betyr det at vi vil få klargjort om vi kan gjere noko med strukturen eller ikkje. Er svaret nei, så held styret seg til det. Er svaret ja, så trur eg styret er villig til å sjå litt på det, seier styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg.

- Må vite

Dei seks stadane Helse Førde har spesialisthelseteneste er Eid, Førde, Sogndal, Lærdal, Tronvik i Høyanger og Florø. Styret vart i samde på ekstraordinært styremøte i dag, å be Helse Vest om ei endeleg avklaring om den freda sjukehus-strukture. Styret er pålagde å spare inn 55 millionar kroner i løpet av tre månadar - ei nærast umogleg oppgåve. Styret er budd på å snu kvar ein stein for å møte kravet frå eigarane.

- Styret tek innover seg den alvorleg situasjonen vi er i. Vi må komme med mange nye tiltak no, eller effektuere masse tiltak, og då er det viktig å vite om det er råd å gjere noko med strukturen, seier styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg.