Gunvor Eldegard. Arkivfoto NRK
Denne merknaden vart lagd til komiteen si budsjettinnstilling som vart slutthandsama tysdag. Det fortel nestleiar i næringskomiteen, Gunvor Eldegard frå Arbeidarpartiet og opphaveleg frå Årdal.
Fleirtal for merknad
Tysdag la næringskomiteen siste hand på si budsjettinnstilling, og eit fleirtal i komiteen vedtok å legge til ein merkand i budsjettet som ber regjeringa aktivt følgje med på utviklinga i dei to Hydro-bygdene.
Trur merknaden verkar
Hydro har gjort vedtak om å ikkje modernisere aluminiumverka i Årdal og Høyanger. Gunvor Eldegrad trur ein slik merknad vil vere med på å syte for at det faktisk blir skapt ny næringsverksemd i Sogne-bygdene. - Det er løyvd ein del pengar gjennom SIVA, og det er viktig å fylgje opp og sjå om det verkeleg blir ny næringsverksemd og nye arbeidsplassar, seier ho.
- Kan vere pålegg til Hydro
Ordførar Kjartan Longva i Høyanger stiller seg positiv til ein slik merknad, men er avventande når det gjeld den faktiske effekten dette vil ha for næringsutviklinga i bygda. - Det er litt vanskeleg å seie, men det er veldig positivt at vi får inn ein slik merknad, for det kan vel vere nærast eit slags pålegg, sjølv om vi har eit bra samarbeid med Hydro om næringsutvikling, seier Longva.