Hopp til innhold

Vikje nominert til ny forfattarpris

I fjor fekk Brynjulf Jung Tjønn frå Vik Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok. No kan det bli ein ny pris.

Brynjulf Jung Tjønn

NOMINERT: Brynjulf Jung Tjønn kan få ein ny pris for boka «Så vakker du er».

Foto: Hilde Bjørnskau/NRK

Brynjulf Jung Tjønn: Så vakker du er
Foto: Cappelen Damm

For Brynjulf Jung Tjønn er nominert til Kulturdepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for boka « Så vakker du er ».

– Det er heilt utruleg og uventa. Eg tenkjer ofte tilbake til då eg skreiv på boka, og håpa eg skulle få eitt par omtalar. Plutseleg skjer dette, seier ein stolt Jung Tjønn til NRK.no.

Ei god stadfesting

– Det gir inspirasjon. Det betyr at ein får tru på det ein held på med og tru på at det ein held på med er rett og at eg kan halde fram i same spor. Det å bli nominert til endå ein pris viser at det ikkje var eingongstilfelle at det var ein jury som likte boka, men fleire juryar som har likt boka, held forfattaren frå Feios fram.

I grunngjevinga for nominasjonen står det at boka har eit urovekkjande innhald, og eit poetisk språk som gir rom for lesaren sine eigne tankar og refleksjonar.

– Berre det å bli nominert for andre gang til ein stor pris er meir enn nok for meg. Så får heller alt anna bli ein ekstra bonus, seier han.

– Heilt ope

Det er kulturminister Thorhild Widvey som deler ut prisen torsdag 6. mars under ei tilstelling i Nasjonalbiblioteket i Oslo.

Jung Tjønn er nominert saman med Vera Micaelsen og Håkon Øvreås. Sjølv om vikjen vann Brageprisen, ser han ikkje på seg sjølv som favoritt til å hente heim den høgthengande litteraturprisen til Kulturdepartementet.

– Nei, det er heilt ny jury som har andre referansar og annan smak. Det er heilt ope. Om ser på tidlegare vinnarar, så har det vore overraskingar innimellom. Det er ikkje nødvendigvis den som har vunne Brageprisen som vinn denne prisen, seier han.