Hopp til innhold

Vik vann Norway Cup-finalen

Vik sine gutar vann fredag kveld finalen i 16-årsklassa i Norway Cup. Like før sikra Sogndal sine jenter-14 fylket endå ein finaleplass.

Vik sitt gutar-16 lag etter finalesigeren i Norway Cup 2012

VANN FINALEN: Vik sitt sterke 16-årslag var overlegne i finalen.

Foto: Privat

- Dette er herleg, jublar Vik-trenar Kåre Egil skjerven på mobiltelefon frå Ekebergsletta berre minuttar etter at Bindal var slegne 4-0 i semifinalen. Kenneth Blomseth Skjerven (2), Øystein Bjørk og Thomas Duphy skåra måla.

Kenneth Blomseth Skjerven med Norway Cup-pokalen 2012

MÅLGEIT: Kenneth Blomseth Skjerven skåra to mål og dominerte i finalen.

Foto: Privat

- Det vart tøft for dei la seg heilt bakpå. Me styrte alt, men det var vanskeleg å koma gjennom dei. Me burde hatt meir enn 1-0 til pause for dei var farlege på kontringane sine, men då me fekk 2-0 nett uti andreomgang var det gjort, legg trenaren til.

Denne årgangen sikra seg i fjor ein tredjeplass i Danacup, så det var slett ingen løyndom at Vik hadde ein ny, god årgang på gang.

- Dei er steikande gode. Det er ikkje meir å seia om det, seier han.

Stolt ordførar

Marta Finden Hallset, ordførar i Vik, jubla også då ho fekk høyre om resultatet. Og det er ein tydeleg stolt ordførar NRK Sogn og Fjordane har på tråden fredag kveld.

- Dette var utruleg flott. Eg er skikkeleg stolt over at ungdommar frå vesle Vik hevdar seg. Vi har mykje flott idrettsungdom. Dette er resultat av eit felles løft og stor dugnadsånd, seier Finden Hallset.

Sogndal-jenter til finale

Litt tidlegare på fredagskvelden sikra det andre laget frå Sogn og Fjordane som framleis er med, jenter-14 frå Sogndal, seg endå ein finale. Sundal vart ekspedert med 3-0, same siffer som dei slo Os med i semifinalen. Ingvild Almås, Andrine Øvreseth og Jannicke Orrestad Andersen skåra måla.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndal jenter-98 jublar for finale i Norway Cup

JUBEL: Etter 3-0 mot Sunndal kunne Sogndal-jentene sleppa jubelen laus.

Foto: Jan Erik Andersen

Yngre enn motstandarane

- Dette er heilt utruleg. Her reiser me med eit halvt lag som er både eitt og to år yngre enn aldersklassa dei spelar i, og så tek me oss til finalen. Eg visste dei var gode, men ikkje at dei var så gode, seier trenar Knut Almås.

Laget spelar i 1998-klassa, men har tre spelarar som er fødde i 2000 og ytterlegare fem som er fødde i 1999.

- Dei er ein tøff gjeng som er svært samansveisa utanfor bana. Dei stiller opp for kvarandre, og det ser me i kampane også, seier Almås.

Finale i morgon

Sogndal spelar sin finale klokka 09.00 laurdag, sannsynlegvis mot det kenyanske samlingslaget Bring Children, som består av spelarar frå eit stort område. Sogndal stiller berre med spelarar frå Sogndal.

- Det blir tøft, og det veit me. Men jentene har ikkje kome så langt for ingenting, seier Almås.