Hopp til innhold

12 lag frå fylket i A-sluttspelet

Sogn og Fjordane er den krinsen i landet med flest aktive unge fotballspelarar. Det syner att på Norway Cup der heile 12 lag framleis er med i A-sluttspelet.

Jan Tore Jåstad

MANGE: Jan Tore Jåstad trur deltaking i Norway Cup er viktig for at unge spelarar skal bli glade i fotballen.

Foto: Stig Høynes

Spelarutviklar Jan Tore Jåstad i Sogn og Fjordane fotballkrins har ikkje fullstendig oversikt over kor mange lag som har teke seg til A-sluttspelet tidlegare år, men meiner det uansett vitnar om stor aktivitet i fylket. I år tok heile 25 lag seg vidare frå dei innleiande rundane, og 12 er framleis med.

– Fotballen er i vekst og det er stadig fleire som spelar fotball, seier Jåstad.

Han er også litt kry over at Sogn og Fjordane peikar seg ut når det kjem til talet på unge spelarar som brukar tid og krefter på fotballbana.

– I forhold til innbyggjartal er Sogn og Fjordane den krinsen i landet som har flest aktive fotballspelarar i ungdomsfotballen, seier Jåstad.

Kva som er forklaringa på det veit han ikkje, og sjølv om han kan spøkje med at ungdomen ikkje har anna å drive med, trur han det også handlar mykje om gode opplevingar.

– Fotball er ein fantastisk idrett, og dette med miljøet er noko alle som har spelt fotball dreg fram, seier spelarutviklaren.

At så mange unge fotballspelarar frå fylket reiser til Norway Cup er positivt for rekrutteringa til fotballen, meiner han. Nettopp gode opplevingar og det å få oppleve samhald er ei viktig forklaring.

– Når du reiser som eit lag til Norway Cup og har gode opplevingar og gjer det bram så gjer det jo noko med nærmiljøet og bygda. Det genererer ein veldig entusiasme og er eit viktig bidrag i forhold til det å skape ein kjærleik til spelet.

Gutelaget til Vik har til no gjort det best av laga frå Sogn og Fjordane, og spelar kvartfinale i sjuarfotball torsdag ettermiddag.