Hopp til innhold

Vik trugar med å byte bank

Etter Terra-skandalen vurderer Vik kommune å bryte samarbeidet med Vik sparebank.

Marta Finden Halset

Ordførar i Vik kommune, Marta Finden Halset.

Foto: Sindre Løkstad / NRK

Kommunen er svært skuffa over at bankane som eigde Terra Securities, ikkje har støtta dei meir etter konkursen i dotterselskapet.

Burde ha dekka tap

Vik kommune kjem til å tape over 90 millionar kroner på Terra-skandalen. Litt av skulda legg ordførar Marta Finden Halset på sparebankane som eigde Terra Securities. No varslar ordføraren at dei for første gong vil leggje banktenesten sine ut på anbod.

- Det er 72 sparebankar som eig Terra-systemet som har tent veldig mykje på dette, seier ho og meiner dei burde dekka delar av tapet.

Skjønar ikkje kritikk

Vik Sparebank

Vik sparebank

Foto: Ottar Starheim / NRK

Kritikken fell også på kommunen sin eigen bank, Vik sparebank, som også er ein del av Terragruppa. Dei har vore kommunen sin følgesvenn i generasjonar, og aldri har dei hatt konkurranse om tenestene. Styreleiar i sparebanken, Knut Hovland, skjønar ikkje kritikken.

- Vi er med heile tida og støttar opp om næringslivet i kommunen og spelar ei veldig viktig rolle der. Vi ser ikkje at vi skal ta på oss noko skuld for det som har skjedd her.

- Det står i lova

Finden Halset seier dei har hatt eit godt forhold til Vik sparebank, og at anbodskonkurransen ikkje er noko takk for sist.

- Kontrollutvalet har stilt spørsmål ved om når banktenestene skal ut på anbod. Vi skal sjølvsagt halde oss til det regelverk som styrer også desse tenestene, seier ho.

- Vi vil klare oss

Vik kommune er sparebanken sin største kunde. Hovland seier at dei vil overleve sjølv om kommunen ikkje er med vidare.

- Kommunen er ein av dei store kundane våre og vil strekke oss langt for å behalde dei, seier Hovland.

- Kommunen seier at dei skal gjere dette fordi det står i lovverket at banktenestene skal ut på anbod. Samstundes har dei ikkje hatt tenestene ute på anbod før. Kvifor trur det kjem no?

- Ja, du tenker kanskje på Terra-saka. Kommunen er i ein vanskeleg situasjon og dei gjer det dei kan for å få kostnadane ned. Vi skal gjere det vi kan for å behalde dei som kundar, seier Hovland.