Hopp til innhold

Vik med i film om finanskrisa

I filmen «Når boblene brister» er Vik ein sentral aktør for å foklare Terra-skandalen.

Vik

FINANSTRØBBEL: Korleis kunne ei lita bygda i Sogn og Fjordane bli råka av rotne lån i USA? Ein ny dokumentar prøver å finne svar.

Foto: Bjørn Sæbø

Målet med filmen er å vise korleis lån i USA kunne føre til at ein liten kommune i Sogn og Fjordane vart råka av Terra-skandalen. Det skriv Sogn avis.

LES OGSÅ: Terra-skandalen kunne vore unngått

Skremmande verd

- Det er skremmande å sjå korleis finansverda fungerer, seier kommunerevisor i Vik Ingvar Linde til NRK Sogn og Fjordane.

Han har saman med tidlegare ordførar Erling Stadheim to av hovudrollene i filmen som vart vist for finanseliten i Oslo torsdag.

Dei to sogningane legg ut på ein tre vekers tur til i USA i dokumentaren for å prøveå finne svar på korleis Vik kunne kome i ein håplaus økonomisk situasjon på grunn av Terra.

LES OGSÅ: Vik underkjende eigen revisor

Oppmodar folk om sjå

- Filmen bør bli sett av så mange som mogleg. Og den bør visast på høgskular og på BI, seier Linde til NRK.

Han meiner mange har noko å lære av å sjå dokumentaren som er laga av regissør Hans Petter Moland.

Moland valde Vik av fleire årsaker.

LES OGSÅ: Nektar skuld for milliontabbe

- Vakraste stadane i verda

- Det er jo ein av dei vakraste stadane som finst. I tillegg er velstanden der bygd over 1500 år, og folket presenterer ei nøysemd som er ein stor motsetnad til finanskasinoet dei vart involverte i, seier han til avisa.

Fleire kjende personar er med i filmen, mellom anna investor Øystein Stray Spetalen. Han meiner Vik var sjanselause i møtet med Terra-aksjane.

LES OGSÅ: Vik kan tape mindre

Spetalen med i filmen

- Dette vart gjort på ein så lur måte, at det for vanlege folk var umogleg å forstå, seier Spetalen i filmen.

Kommunerevisor Linde vil ikkje seie noko om han er samd med Spetalen.

- Det vil eg ikkje seie noko om. Det går for tett på rolla mi som kommunerevisor, seier han til NRK.

Men at finansverda er brutale er Linde samd i.

- Det er verkeleg skremmande å sjå korleis dei arbeider.

LES OGSÅ: Han vart aldri høyrt

Til USA og Hellas

I filmen reiser ikkje berre Linde og Stadheim til USA. Hellas sin svært pressa situasjon er også med i filmen.

Linde reiser til Hellas og får sjå med eigne auge korleis grekarane demonstrerer mo leiinga i landet.

Nobelprisvinnar i økonomi, Joseph Stiglitz, økonomiprofessor Carlota Perez og statsminister i Hellas George Papandreou er også intervjua om finansverda i filmen.

Ser frammover

For dokumentaren tek mål av seg å sjå frammover.

Filmen har fått mykje merksemd internasjonalt og vil bli vist på NRK seinare i år.

- Det er i det minste mange flotte bilete frå Vik, og eg trur vikjene og folk i Balestrand vil ha noko att for å sjå denne dokumentaren, seier Linde til NRK.