Hopp til innhold

Nektar skuld for milliontabbe

Revisjonsselskapet må ta på seg skulda for at Vik Kommune feilførte tjue millionar kroner, meine Høgre-politikar Aril Grønningen.

Kommunestyret fekk måndag orientering om bokføringstabben som skjedde i 2005. No har dei kalla inn til hastemøte.

Rune Wold i Framstegspartiet meiner revisoren har gjort ein for dårleg jobb.

Ingvar Linde i Sogn og Fjordane Revisjon vedgår at dei har feila, men seier administrasjonen og kommunestyret og må ta på seg skulda for feilføring av 20 millionar kroner.