Hopp til innhold

Vik kom seg ut av gamblinga

Ikkje berre Bremanger kommune, men også Vik sette av store summar til å såkalla finansielle derivat, der ein gamblar på korleis rentenivået blir i framtida.

Kommunehuset i Vik

Vik kommune kvitta seg i 2008 med same type pengeplassering som Bremanger no slit med.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det stadfester rådmann Oddbjørn Ese overfor NRK.

Kjøpte seg ut

Men mens Bremanger no ligg an til å tape 39 millionar kroner på transaksjonen, brukte Vik nærmare 1 million kroner på å komme seg ut av gamlinga i 2008. Det er Ese glad for i dag.

– Dette hadde eit omfang på 100 millioner. Eg fekk ekstern ekspertise til å vurdere det, og konklusjonen var klar. Vi burde komme oss ut av dette så raskt som mogleg, seier Ese.

– Altfor høg risiko

Granskinga viste at gamblinga kommunen hadde gitt seg inn på, heller ikkje var i tråd med regelverket.

Derivata som Vik var inne i, og som Bremanger no får svi for, inneber at ein taper pengar så lenge renta held seg under seks prosentpoeng, men tener pengar når renta er over seks prosent.

– For det første så var det ein altfor høg finansiell risiko i høve til kva ein kommune kan ha. Og det var osså utanfor vårt finansregelverk. Så i oktober i 2008 lukka vi denne posisjonen, som det fint heiter, og måtte betale knappe 1 million kroner for det, forklarer Ese.

Han synest synd på kollegaene i Bremanger.

– Eg må seie at eg føler med dei. Etter tre år med Terra så kjenner vi kvarandre godt. Så eg må seie at eg føler med dei, seier rådmannen i Vik.