NRK Meny
Normal

Har reist tusenvis av mil åleine mellom pappa og mamma

Sidan ho var seks år har Sanna Eirin (10) pendla åleine mellom foreldra sine. Kvart år reiser over 100.000 born åleine med fly, buss eller tog.

Farvel

IKKJE DRA DET UT: Både pappa Einar Nesbakk og Sanna Eirin er klare på at når ein har sagt hadet, så er det ikkje vits å hale ut tida. I bakgrunnen storebror Halvor.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Eg tykkjer det går heilt fint, smiler Sanna Eirin.

Ho og søskena Halvor (14) og Inger (16), alle med etternamn Nesbakk, veit meir om å reise åleine med fly enn dei fleste.

– Eg trur berre eg har grine ein einaste gong, seier Inger, som må tenkje seg om for å komme på kvifor.

– Eg trur det var fordi eg tykte det var litt skummelt, men det gjekk over med ein gong, seier ho.

For ni år sidan valde mamma og pappa å flytte frå kvarandre. Til då hadde familien halde hus og heim i idylliske Bremanger heilt nordvest i Sogn og Fjordane.

Jeg reiser alene, jeg flyr over land og by, før kom barna med storken, men nå tar vi fly

Ole Paus "Jeg reiser alene"

Inger var nett byrja på skulen. Sanna Eirin var to år.

– Eg og Halvor vart buande med pappa, fortel Inger.

– Vi bestemte det slik. Det vart det mest praktiske for alle partar, fortel pappa Einar.

Sanna Eirin og mamma Hege flytte til Austlandet, like utanfor Jessheim, der mora har sin familie.

Starten på tusenvis av mil i fart

Det var starten på det som etter kvart har vorte tusenvis av mil i bil, båt, buss og fly. Og det er ein lagnad dei deler med fleire. Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at eitt av fire born bur med berre ein forelder. I 2011 utgjorde det 275.500 born.

Knut Morten Johansen

MAX ÅTTE: Informasjonssjef hjå SAS, Knut Morten Johansen, fortel at ein kan maks ha åtte barn som reiser utan følgje på ein flight.

Foto: Knut Løvstuhagen/SAS

Berre med SAS reiser 90.000 born åleine årleg i Skandinavia. 60.000 av dei i og inn og ut av Norge. Widerøe registrerte om lag 18.000 born som i fjor flaug åleine. Norwegian vil ikkje ut med konkrete tal, men stadfestar at det er snakk om mange, mange tusen.

Korkje NSB eller Norway Bussexpress registrerer born, men stadfestar at mange born nyttar deira transporttenester.

SAS er klare på at dei har dyrebar last på dei fleste flygingar, og at dei er med på å halde familiar samla.

– Det er fleire born som har reist så mykje at dei hadde hatt gullkort dersom ein hadde tent opp poeng innanlands, seier informasjonssjef i SAS, Knut Morten Johansen.

Han har sett talet auke jamt og trutt. For tre år reiste 60.000 born åleine årleg med SAS. Talet har auka med om lag ti prosent kvart år. Norge har klart flest solo-flygande born i Skandinavia. Det trur Johnsen primært skuldast topografi.

– Skal ein komme seg fort fram i eit land som vårt, så er av og til fly einaste moglegheita. Tida vert dyrebar dersom ein berre skal vitje pappa for ei helg. Då er det viktig at ikkje åtte av dei timane ein kunne hatt det kjekt i lag, går vekk i reising, seier Johansen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Mange fortvila born skriv til Simon

Sjølv om mange born har eit uproblematisk forhold til reising mellom to heimar, er det også mange som tykkjer det er tungt.

Journalist og forfattar Simon Flem Devold har i 28 år drive sida På Skråss i Aftenposten. Her har tusenvis av born og unge, ja endåtil vaksne, skrive inn om ting dei har på hjarta.

Nå har søsteren min og jeg drevet og flyttet i to og et halvt år. Livet mitt er flytting. Jeg får aldri ro. Hver fjordende dag flytter vi fra mamma, hver fjortende dag flytter vi fra pappa.

Er-14 / På Skråss

Mange av breva har omhandla pendling mellom foreldre etter samlivsbrot. Devold har teke til orde for at når foreldre går frå kvarandre, så er det borna som bør få halde fram å bu i heimen, og så kan foreldra pendle.

– Born er svært lojale, og mange held ei maske for at ikkje mamma eller pappa skal bli såra. Men eg har fått tusenvis av brev frå born som er fortvila. Dei føler dei vert sende rundt som pakkepost, seier Devold.

Simon Flem Devold

HAR HØYRT MYKJE: Simon Flem Devold har fått høyre mykje frå born som slit.

Foto: Josefsen, Jon-Michael / SCANPIX

Han trur ikkje det alltid er sjølve reisinga som er problemet, men det å stadig måtte seie ha det til alt du har kjært.

– Nokon taklar dette heilt fint, andre tykkjer det er forferdeleg. Å bu ei stund her og ei stund der er vanskeleg, trur Devold.

Prøver å få reist i lag

Foreldra til trekløveret Nesbakk prøver å planleggje slik at syskena reiser saman iallfall eine vegen. Fullt så enkelt var det ikkje då borna var mindre.

– I byrjinga drog Inger og Halvor nedover annakvar månad, og var der alt frå ei veke til 14 dagar. Vi prøvde med bil i starten. Vi køyrde til møtes og treftest til dømes på Otta, fortel Einar.

Slik var borna eskortert kvar veg, men reisemåten var slitsam for både små og store.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bagasjelapp

GODT MERKT: Sanna Eirin er nøye på at koffert og bag er merkt skikkeleg. Til no har ho aldri mista noko flybaggasje, men ein veit aldri.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Det var tøft. Det gjekk glatt åtte-ti timar å få dei levert på til dømes Otta og så returnere til Bremanger. Bil er heller ikkje ein fest, ungane var bilsjuke, det er kjedeleg å sitje så lenge i ro, for ikkje å snakke om at vinterstid er det lite triveleg å leggje ut på ei slik strekning, seier pappa Einar.

Det er borna samde i.

– Bil er kjedelege greier, nikkar Inger.

– Eg var ein del bilsjuk, og det er ikkje noko særleg, minnest Halvor.

– Og så krangla vi jo litt, seier veslesyster og ler lurt.

Åleine frå Inger var sju

Det var som eit kvantesprang å rekne då dei gjekk over til fly. Frå Bremanger til næraste flyplass, Florø, er det ein halvtime med båt. Litt lenger med bil, men likevel kort samanlikna med å ta heile turen med bil.

I byrjinga følgde Einar dei på flyturen ned, og mora følgde på flyturen opp att.

– Men då eg var sju, fekk vi dra åleine, seier Inger.

Ho har ikkje nokon traumatiske minne, og presiserer at det å fly åleine faktisk er ganske stas.

(Artikkelen held fram under biletet)

Innsjekk

TUNGT: Trafikkassistent Leif Helge Kvalheim på Florø lufthamn, bukserer baggasjen på plass for innsjekk, medan Nesbakk-gjengen spente følgjer med for å sjå om dei får overvekt.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Og så var vi jo ikkje åleine, for eg og Halvor drog jo i lag. Det blir ikkje heilt det same, trur Inger.

Einar nyttar høvet til å rose flyvertinnene hjå Danish Air Transport, selskapet som dei har nytta mest.

– Dei har vore eineståande. Florø er også ein såpass liten flyplass at ungane på ein måte kjenner både bakkemannskapa og dei som jobbar om bord, seier Einar.

Med mappe rundt halsen

Helga før vinterferien er trekløveret samla på Florø lufthamn for å vente på flyet. Dei er på hels med trafikkassistent Leif Helge Kvalheim som sjekkar inn bagasjen deira.

Kunnig passar han på at baggasjen ikkje veg for mykje. Nøyaktig 60,2 kilo fordelt på sju kolli. 200 gram overvekt kan tolast.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Sanna Eirin har vore tre veker i Bremanger og skal heim att til Sand utanfor Jessheim. Rundt halsen har ho ei mappe det står UM på, Unaccompanied Minor. Det må ein ha når ein er under 12 år.

I den ligg det eit skjema med namn på henne, kvar ho reiser ifrå, kor ho skal, kven som leverer i Florø, og kven som hentar på Gardermoen.

– Det er ganske strengt. Stemmer ikkje namna på lappen, så får ikkje nokon ta meg imot, smiler Sanna Eirin.

– Dette skal vere trygt for barnet, og difor må det vere strengt. Vi har ekstra personell på bakken som tek seg av assistansen på flyplassen ved flybyte, fortel Johnsen i SAS.

SAS og Widerøe samarbeider når det gjeld overgangsteneste mellom flightar. Det betyr i praksis at du kan sende eit barn frå Hammerfest til New York, og det skal vere ivareteke heile vegen.

Denne gongen betyr ikkje det så mykje for Sanna Eirin, for ho reiser ikkje heilt åleine.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sanna og UM-pakken

HEILT RETT: UM-posen har ei snor, slik at den lett kan festast rundt halsen på små born. Oppi posen er pass, ombordstigningskort og UM-skjemaet med all viktig informasjon om den som hentar og bringar.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Smidigheit gir lengre besøk

Storesyskena er med nedover og skal tilbringe vinterferien hjå mamma.

Dei eldste vitjar stort sett mamma i feriane. At Sanna Eirin kan tilbringe fleire veker i strekk hjå pappa, skuldast høg grad av løysningsorientering både hjå skuleleiing og lærarar.

– Både skulane og lærarane har vore velvillige. Ho får med seg arbeidsplan frå skulen heime, og kan nytte sine bøker, sjølv om ho følgjer undervisninga ved Hauge skule i Bremanger, seier Einar.

Sanna Eirin tykkjer det fungerer utmerkt.

– Eg har to klassar! Det er ganske stas, fortel ho.

Jeg reiser alene, jeg flyr over fjell og fjord fra mamma i sør til pappa i nord

Ole Paus "Jeg reiser alene

Til og med handballtreningane kan ho halde fram med, sjølv om ho er nær 50 mil vekke frå sitt vanlege handballag på Austlandet.

– Eg får trene med dei i Bremanger, så det er heilt topp, smiler 10-åringen.

– Vi er førebudde på at det neppe blir mogleg å gjere det slik når ho kjem i ungdomsskulen, men vi gjer det så lenge vi kan, seier Einar.

Storesyster påpeikar at ho eigentleg tykkjer ordninga er ganske nært perfekt.

– Vi får bu på ei øy, ein heilt fantastisk plass med nydeleg natur. Men samtidig vert det naturleg nok av og til litt kjedeleg. Når vi vitjar mamma er vi liksom meir i by og kan nyte godt av alle tilboda som er der, seier Inger.

– Og så er det ganske fint at vi har masse familie rundt oss i Bremanger, og når vi vitjar mamma så har vi masse familie rundt oss der. Vi får liksom det beste av begge plassar, stadfestar Halvor.

Inger trur dessutan at ho har vorte ganske sjølvstendig av å ha reist så mykje åleine.

(Artikkelen held fram under biletet)

Departure

KLARE: Både f.v. Inger, Halvor og Sanna Eirin er så drevne på reising, at dei veit godt kva som må fjernast før sikkerheitskontrollen for å unngå at det pip.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Brukte pendlarerfaring i jobbsøknad

Ane Djuve (25) frå Florø kjenner seg godt att i situasjonen til Nesbakk-borna i Florø. Då ho søkte sommarjobb i innsjekkinga på Bergen lufthamn Flesland, var det dei tre linjene om 15 års erfaring som flypendlar mellom mor og far som sikra ho jobben.

– Ja, det er eg sikker på. Eg skreiv i søknaden at eg hadde god innsikt i korleis ein flyplass fungerte, seier Ane og ler godt.

Ane Galaasen

SJØLVSTENDIG: Ane Djuve trur born som reiser mykje åleine, vert sjølvstendige.

Foto: Helge Carlsen / NRK

Alt som 6-åring var ho godt kjend på flyplassane rundt om i Norge. Ane har vore på dei fleste, på tur mellom pappa i Gulen og Florø, og mamma som har budd mange stader.

Då ho var to og eit halvt år, gjekk foreldra kvar til sitt. Pappa flytte til Gulen, medan mamma og Ane flytte til Trøndelag. Der budde dei til Ane var ti. Så flytte dei til Austrheim i Nord-Hordaland der dei budde fram til ho var 14. Sidan gjekk turen til Tromsø, der ho budde til ho var myndig.

– Det var ofte langt å reise til pappa. Då vi budde i Trondheim, måtte vi mellomlande i Bergen eller Oslo før vi kom til Florø, hugsar Ane.

Snille flyvertinner som trøysta

At ho var redd, eller at ho tykte det var skummelt, har ho ikkje noko minne om. Men det hende at ho gret. Spesielt når ho skulle reise frå pappa.

– Det er klart at etter to veker hjå pappa så visste eg at det vart ei stund til neste gong. Så eg minnest at eg gret nokre gonger, og då var flyvertinnene gode å ha. Dei trøysta og tørka tårer, seier Ane.

Ho trur kanskje at all reisinga har gjort ho litt meir rotlaus. Det positive er at ho ikkje kvir seg for å reise, sidan ho er langt over snittet reisevant.

Og under meg er hele jorden der voksne og småbarn har et hjem, men hvis du spør meg om hvor jeg bor hen, er det i SK305

Ole Paus "Jeg reiser alene"

Glad ho slapp 50-50-deling

Ho presiserer at minuset med å vitje faren berre tre gonger i året, fører til at ho ikkje kjenner faren og halvsyskena like godt som ho ville gjort dersom dei hadde budd nærare.

Ho innrømmer at det av og til var sårt å sjå teikningar som halvsyskena hadde laga av familien.

– Nokre gonger var jo ikkje eg teikna inn. For eg var der så sjeldan, seier Ane.

Ho er likevel glad for at det vart som det blei når foreldra budde så langt frå kvarandre.

– Eg trur det beste for barna dersom ein bur langt ifrå kvarandre, er å ofre kor ofte ein treffest. Eg trur det berre blir verre med ei slik 50-50-fordeling. Eg er iallfall glad for at eg ikkje har hatt det slik, seier Ane.

Ho rosar foreldra for å aldri har latt ho sitje med valet om kor ho skulle vere i ferien. Det valet slit ho derimot meir med no som vaksen

– Ingen likar å velje vekk den eine forelderen, seier Ane.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Bør ha fokus på stabilitet

Psykolog og førsteamanuensis ved Senter for atferdsforskning, Universitetet i Stavanger, Ingunn Størksen har sett ein del på kva skilsmisse og konsekvensane av dette gjer med born og unge.

Ingunn Størksen

VANSKELEG FORSKING: Psykolog og førsteamanuensis ved Senter for atferdsforskning, Ingunn Størksen, seier at det å forske på born og samlivsbrot er svært krevjande.

Foto: Elisabeth Tønnessen

Ho er nett no i sluttfasen forskings- og utviklingsprosjektet ”Bambi-prosjektet” som er retta mot barnehagar i samband med born som har to heimar.

– Ei kvalitativ undersøking blant dei minste, born i 5-årsalderen, synte at born som hadde erfart samlivsbrot, hadde meir tristheit, frustrasjon og negative kjensler samanlikna med andre, sjølv om dei også hadde det fint. Det er viktig å tenkje på stabilitet, seier Størksen.

Ho peikar på at born er svært lojale og ofte skjuler korleis dei eigentleg har det.

Størksen vil ikkje meine for mykje om korleis stadig pendling kan påverke born, men peikar på at ein som forelder skal vere varsam med kva som er bra for foreldra og kva som er bra for barnet.

– Dei minste borna forstår ikkje at den personen dei seier ha det til, kjem attende. Dessutan er born forskjellige. Det som går greitt for eit barn, er slett ikkje bra for eit anna, seier Størksen.

Ho meiner ein skal vere forsiktig med å finne ein mal som skal passe alle.

– Kor lang skal ein tøye strikken i forhold til 50-50-deling? Når eit barn skal ha både to heimar og to barnehagar, så byrjar det å bli vel mange tilknytingspersonar, seier Størksen.

Da jeg var liten, følte jeg meg som en evig pendler, og slik er det fremdeles. jeg reiser frem og tilbake mellom dem, det er en plikt, det er ikke et spørsmål om hva jeg vil

Gut / På Skråss

Må setje borna først

Det er ei oppfatning som også Barneombodet deler.

– Når ein får barn, får ein eit ansvar som handlar om å setje barna først og ikkje seg sjølv. Då må ein ta nokre omsyn dei åra ein har omsorg for borna sine, sjølv om ein går gjennom eit samlivsbrot, seier barneombod Reidar Hjermann.

Reidar Hjermann

BORNA MÅ BLI HØYRDE: Barneombod, Reidar Hjermann, er oppteken av at borna sine ønskje skal bli høyrde, og at ein bør evaluere ei pendlarordning etter noko tid.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

Han legg til at det nokre gonger er slik at ein likevel må busetje seg i forskjellige delar av landet og at det dermed blir ein del reiseavstand for borna.

– Det treng ikkje vere trøblete for dei borna det gjeld, og fly er ofte lite problematisk for born. Men det å i det heile tatt leggje ut på reisefot lange strekningar kan vere veldig slitsamt. Og det er mykje av barndommen som går med på å leve to forskjellige stader eller å sitje på eit fly eller ein flyplass, seier Hjermann.

Han er mest oppteken av at konfliktnivået må haldast på eit minimum.

– Viss mor og fars relasjon handlar om konflikt og strid og krangling, og barnet blir brukt som bodbringar, då vil også reisa vere ein stein til byrda i ein allereie vanskeleg situasjon.

Vil at borna skal bli høyrde

Han peikar på at born er forskjellige, og beste måten å finne ut om dette fungerer på, er å spørje borna sjølve. For nokon er ei slik ordning heilt fin, for andre er det ikkje fullt så bra.

– Ein må difor involvere borna når ein set i gang ein slik avtale om transport mellom mamma og pappa, og ein må evaluere undervegs. Sjølv om borna ikkje skal bestemme, så skal dei få seie si meining, og denne må tilleggjast vekt, seier Hjermann.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Barneombodet har lenge jobba for at familievernkontoret skal involvere borna meir direkte når samværsordningar skal på plass. Slik det er no, er det berre mor og far som skal ha samtale med familievernkontoret.

– Eg har håpa at familievernkontoret kunne vere ivrigare på å involvere borna direkte i ein til ein-samtale, slik at bornas stemme ikkje forsvinn i den stormen som foreldra ofte fører seg imellom, seier Hjermann.

La ikkje borna ta valet

Sjølv om dei tre Nesbakk-borna er godt nøgde med si ordning, er dei klare på at vaksne kan gjere nokon smarte grep for å gjere denne type reising lettast mogleg for borna.

– Ikkje la borna velje. Ikkje spør ungane «kor vil du vere i vinterferien?». Ingen skilsmisseborn vil velje vekk ein av foreldra. Det er mykje betre at foreldra bestemmer dette seg imellom, og så blir det slik, seier Inger.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fremst i køen

ALLER FREMST: Når passasjerane skal gå ombord i DAT-flyet som skal frå Florø til Gardermoen, er Sanna Eirin og Inger fremst i køen.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Halvor er samd, og peikar også på at foreldre bør tenkje på korleis dei sender borna.

– Tenk over kor lang reisetida blir. Det er betre å reise med fly enn buss viss turen blir veldig lang. Jau, det kostar kanskje meir, men det er langt mindre slitsamt for borna, seier Halvor.

– Dess mindre tid ein brukar på reising, dess meir tid har ein i lag, presiserer Inger.

Og så har pappa Einar eitt siste råd å komme med.

– Ikkje dra ut ha det-seansen. Har du sagt ha det, så går du. Å hale ut avskjeden for ein kvar pris, er berre slitsamt og vondt for både små og store, seier Einar.

På rullebana står flyet klart til avgang. Over høgtalaren blir det sagt at reisande med born og born åleine kan komme fremst i køen.

– Det er oss. Kom an, seier Sanna Eirin.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.