Hopp til innhold

Vi er spådd lågast vekst i heile landet – ho vil gjere dei spådommane til skamme

Sogn og Fjordane er det fylket som blir spådd den lågaste folkeveksten i heile landet dei komande 25 åra. Både raude og blå politikarar håpar å gjere spådommane til skamme.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

GIR IKKJE OPP: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) let seg ikkje knekke av dei dystre spådomane for folketalsveksten i Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Medan det blir spådd at folketalet skal auke med 1,2 millionar på landsplan, meiner statistikarane i Statisk sentralbyrå at Sogn og Fjordane berre vil få 10.000 fleire innbyggjarar.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes frå Arbeidarpartiet er ikkje direkte overraska over dei dystre spådommane, men meiner dei ikkje treng bli oppfylte.

– Det er ikkje noko nytt fenomen at vi har ein lågare folketalsvekst enn i landet elles. Det viktigaste er at vi framleis har ein vekst, om det stoppar heilt opp, vil situasjonen vår forverre seg, seier ho.

Frå 109.000 til 119.000

Statistisk sentralbyrå (SSB) presenterte denne veka sine folketalsprognosar for perioden 2014 til 2100.

Medan folketalet i Norge har vakse relativt raskt dei siste tiåra, meiner statistikarane at veksten ikkje vil vere like rask i åra som kjem. Det blir spådd at veksten vil vere særleg høg i og rundt byane.

Til dømes spår dei at Oslo fylke vil gå frå dagens 634.000 innbyggjarar til 829.000 innbyggjarar i 2040.

Men for Sogn og Fjordane er SSB sine ferske prognosar lite lysteleg lesnad. I SSB sitt mest sannsynlege alternativ, det som legg opp til middels nasjonal vekst, vil fylket oppleve ein auke på 10.000 innbyggjarar. Ein ser altså føre seg at det vil gå frå dagens 109.000 innbyggjarar til 119.000 i 2040.

– Vi manglar dei store byane

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes legg ikkje skjul på at ho likar dårleg desse prognosane, men meiner det finst ei forklaring.

– Vi er eit fylke der heile fylket er i bruk. Vi har ingen store byar, og det er ein velkjent problematikk.

– Sjølv om vi byggjer opp våre motorar så blir det ikkje ein hundrehestar i forhold til dei med racerbåtar, om vi tek den samanlikninga. Vi vil likevel vere relativt små, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frank Willy Djuvik

TIL SKAMME: Frank Willy Djuvik (Frp) meiner mykje kan gjerast for å gjere spådommane til SSB til skamme.

Foto: Benedicte Hole / NRK

Nektar gje opp

Samtidig som prognosane for Sogn og Fjordane er relativt labre, er Hordaland i same periode spådd ein vekst på 140.000 innbyggjarar. Nabofylket i nord, Møre og Romsdal, er spådd ein auke på 49.000 innbyggjarar.

På landsplan ventar SSB at folketalet vil auke frå 5,1 millionar til 6,3 millionar fram mot 2040.

Kjelsnes trur ikkje det finst noko enkel medisin for å få til skikkeleg folkevekst her i fylket, men vil ikkje gje opp av den grunn.

– Vi skal ikkje berre gje opp, men byggje opp om det vi er gode på. Fylket har mange gode kvalitetar, og dei må vi klare vareta og dyrke fram, seier ho.

Vil gjere spådommane til skamme

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Frp, Frank Willy Djuvik, nektar late seg skremme av prognosane til Statistisk sentralbyrå.

– Statistikk er ikkje noko anna enn ei kvalifisert gjetting om framtida. Dette viser kva som vil skje om vi ikkje gjer noko annleis enn i dag, seier han.

Og nettopp det blir den viktigaste oppgåve, meiner Frp-politikaren, å gjere ting annleis.

– Vi må ha større ambisjonar på vegner av vårt fylke. Vi må ikkje la dette bli ein sjølvoppfyllande profeti. Vi må sjå på kva moglegheiter vi har for å få fleire ungdomar til å etablere seg her etter enda utdanning, og vi må sjå på utviklingsmoglegheiter for næringslivet vårt.

– Med den haldninga er eg trygg på at vi skal gjere dei dystre spådommane til skamme, seier Djuvik.