Hopp til innhold

Vi bli kjent med flyktningar gjennom mat

I Naustdal har Raudekrossen sett i gong ein ny integreringsmøteplass. Der skal folk frå ulike kulturar treffast over matbordet.

I Naustdal arrangerer Raudekrossen integreringsmøter der folk frå ulike kulturar møtes over og utvekslar matkultur.

FLEIRE: Raudekrossen i Naustdal vil arrangere fleire slike kveldar, det skal munne ut i ein middag seinare i oktober der folk frå bygda kan kome å smake på mat frå ulike kulturar.

– Det er veldig spanande, og interessant. Særleg det å prøve nye smakar og snakke saman om mat. Det er veldig inspirerande og interessant, seier flyktningeguide Ludvik Slettehaug.

Ludvik Slettehaug

SPANANDE: Ludvik Slettehaug i Raudekrossen synest det er veldig spanande og interessant å utveksle kultur gjennom mat.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Raudekrossen i Naustdal arrangerer integreringsmøte på Håjen kafé, der står dei ulike matkulturane i sentrum. Dette var det første av fleire av møter, som skal ende opp med ein middag seinare i oktober. Til den ønskjer dei folk frå Naustdal skal kome og smake på syrisk, eritreisk og norsk mat som er laga i fellesskap. Slettehaug fortel at ideen om eit slikt arrangement vart fødd på ein internasjonal kafe.

– Det var to som møttest på ein internasjonal kafe som var her i Naustdal tidlegare. Dei tok til å snakke om mat og mattradisjonar. Dei fann ut at dei ville prøve å få til noko slik som dette, og ideen vart fødd. Sjølv er eg veldig glad i å møte andre gjennom mat.

Betre kjend

På dette første møtet var fleire nasjonalitetar representert, ein av dei som var med å lage mat er Mohamed Harba. Harba kom til Noreg frå Syria, og han synest integrering og utveksling av matkultur er ein god kombinasjon.

– Det er viktig å bli integrert med andre nordmenn. Her kan vi bli kjende med kvarandre gjennom å lage mat frå ulike kulturar saman, og snakke saman om kva vi er vande med å ete.