Hopp til innhold

For første gong sidan 1870-talet er Vetti gard stengd denne sommaren

Vetti gard og turiststasjon i Årdal har vore ein institusjon for fjellturistar sidan 1870-talet. Kjende folk som Fridtjof Nansen og Edvard Grieg har skrive seg inn i gjesteboka. Men i sommar er det ikkje ope på garden.

Vetti gard stengd

STENGT: Dette skiltet møter dei som hadde håpa å få seg kaffi og vafler på Vetti gard.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I tillegg til at fotturistar har kunna overnatte på Vett gard på turen til og frå Vest-Jotunheimen, har det vore kafédrift om sommaren, med sal av is, vafler og drikke. I sommar er det ikkje noko slikt tilbod.

Berit Johansen Vetti i dag. 2012.

- TRIST: Eigar Berit Johansen Vetti. Arkivfoto.

Eigaren av Vetti gard, Berit Johansen Vetti, seier seg lei for det.

– Det er trist, sjølvsagt, men overnatting kan folk få på Ingjerdbu på Vettismorki, det er ei koseleg, ubetjent hytte som er fin å ta inn på. Alle som har generalnøkkelen til DNT kan låse seg inn der.

Stort underskot

Vetti gard har og vore ein rasteplass for dei mange som tek turen inn til Vettisfossen, som nyleg vart kåra til landets flottaste foss av lesarane til Dagbladet. No kan ikkje garden tilby anna enn kjeldevatn frå ein kran på husveggen.

Det er stiftinga Utladalen naturhus som dei siste åra har drive Vetti gard på leigebasis. Dei hadde ein seksårig avtale med Berit Johansen Vetti. Avtalen vart forlenga i to år, og 2013 vart den førebels siste sommaren med stiftinga som ansvarleg for drifta.

– Underskotet er så stort at no går ikkje det lenger, seier Berit Johansen Vetti.

– Ingen annan utveg

Dette blir stadfesta av styreleiar i stiftinga Utladalen naturhus, Ole Magnar Nundal. Han vil ikkje seie kor store underskot det har vore på drifta av Vetti gard.

– Vi har prøvd å finne balanse i rekneskapen. Men det var slik at vi ikkje kunne halde fram med så store underskot, så det var ingen annan utveg. Men vi synest det er synd at vi må gjere det.

Vetti gard

LANG TRADISJON: Heilt sidan 1870-talet har fjellvandrarar fått husrom og mat på Vetti gard og turiststasjon.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Nundal seier at dei har vore i kontakt med det kommunale selskapet Årdal utvikling for å få hjelp til å halde ope, men at det ikkje har ført fram.

– Men vi har kafédrift to andre stader, i Utladalen naturhus og på Avdal gard, så det er tilbod til dei som tek turen innover Utladalen, seier Nundal.

– Prøver å klekke ut nye idear

Han kan ikkje seie noko om kva som kan vere aktuelt for neste sommar. Berit Johansen Vetti seier ho ikkje har gitt opp.

– Døtrene mine og eg prøver å klekke ut nye idear, men vi kan ikkje seie noko om kva vi har tenkt enno. Men «det årner seg», som det heiter der eg kjem frå.

I mellomtida syter ho for at husa blir vedlikehaldne, og stiftinga Utladalen naturhus syter for at landskapet blir pleia.

Vetti gard

TOMT I TUNET: Ein kran på husveggen med kjeldevatn utgjer tilbodet i sommar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK