Hopp til innhold

Berit vart "fjellets mester"

Berit Johansen Vetti frå Årdal har klatra dei 20 brattaste armane på Jostedalsbreen og var den første som klatra alle 2000-meterstoppane i Norge. For det fekk ho i dag tittelen "Fjellets mester".

Berit Johansen Vetti over Svellnosbreen

RETT ELEMENT: Berit Johansen Vetti frå tida ho skreiv historie i Jotunheimen og på Jostedalsbreen.

- Eg sa det til dottera mi at dette er jo snart 40 år sidan, kvifor skal ein hugse det no? Ho berre svarte at Edvard Munch trengte lang tid på å modnast han og, seier Berit Johansen Vetti etter at prisen er utdelt.

- Dette var heilt overveldande. Og det å møte det gamle klatrelaget mitt på Krossbu der me møttest første gongen var fantastisk, seier ho.

Pionér

Klatringa hennar, spesielt i is, står framleis att som noko av det ypperste pionoerarbeidet som er gjort innan dette feltet her til lands.

- Dette var ei uvanleg og krevjande form for isklagring. Det ypparste som vart gjort i Norge og Skandinavia på denne tida, seier juryformann og mangeårig rektor ved Norges Høgfjellskole, Nils Faarlund om breklatringa vinnaren gjorde på 60- og 70-talet.

Bur i Årdal

Berit Johansen Vetti bur i dag Utladalen i Årdal. Klatringa la ho på hylla då ho gifta seg med Jørgen Vetti som dreiv Vetti gard tett inne ved Vettisfossen i 1977.

- Då vart eg teken i fjøsskule, og så kom ungane. Då vart det ikkje meir klatring, seier ho.

At ho skulle bli trekt fram som ein klatrepioner i 2012, var ikkje noko ho var i nærleiken av å tenke over den gongen det stod på.

- Neida, det var berre å "sæla på" sekken og gå i veg. Eg tenkte aldri på å vere noko føregangskvinne. Vi gjorde det berre for venskapen og moroa sin del, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Berit Johansen Vetti i dag. 2012.

ÅRDAL: Berit Johansen Vetti bur i dag i Øvre Årdal

Fjerde som får prisen

Ho er den fjerde som turiststasjonen på Krossbu vel å gje denne prisen til, og mykje av grunnlaget for prisen la ho då ho var breinstruktør nettopp på Krossbu på 60-talet.
Rundt denne tida klatra ho samtlege av dei 20 brattaste brearmane til Jostedalsbreen, og i 1975 klatra ho dei to siste av dei 269 2000-meterstoppane i Norge.

Ho nådde toppen på den siste saman med Kjetil Storrø 5. juli 1975.

- Meir enn fjellvettreglar

Torill og Kåre Våle på Krossbu forklarar grunnlaget for prisen slik:
"Fjelltryggleik er meir enn fjellvettreglar. For oss som driv turisme i fjellet er det viktig at folk lærer seg forståinga for utfordringane i fjellet på snø og is, sommar og vinter. Vi vil heidra nokre av dei som på frivillig basis har gått i spissen for dette".

Pokalen, som er det synlege beviset på prisen, vart delt ut på Krossbu laurdag ettermiddag.