Hopp til innhold

Vest Tank mistar løyve

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap trekk attende alle løyve dei har gjeve til Vest Tank for å drive anlegget i Gulen.

Vedtaket er mellombels, skriv Bergens Tidende.

DSB vil ha svar

Vest Tank hadde løyve til å oppbevare og behandle farleg avfall, og det er ikkje sett noko avgrensing på kor lenge dei mister desse løyva.

Avdelingsleiar i DSB seier at dei vil ha svar på kva som skjedde då tankane gjekk i lufta, før det vert aktuelt å gje løyva attende.