Fiskeoppdrettar
ligg på andreplass på lista over dei som betalar mest i skatt. Han betalte nesten 4,6 millionar til felleskapet i 2011.På fjerdeplass finn vi
, sjef for Wergeland Holding. Han betalte nesten fire millionar i skatt.Ordførar Hallvard Oppedal i Gulen er glad for å ha desse to som innbyggjarar i kommunen han leier.
– Eg har ikkje tal i hovudet over kor stor del av skatteinngangen i Gulen dei to står for, men det er ein vesentleg del, særleg når vi tek med skatten frå dei tilsette i selskapa deira.
– Viktig med lokalt eigarskap
Han seier det er kjekt å ha lokale eigarar som kjenner ansvar for lokalsamfunnet.
– Dei investerer i bedriftene sine og i lokalsamfunnet. Det viser kor viktig lokalt eigarskap er.
Og Oppedal har stor tru på at det blir fleire som syter for at det flyt mange kroner inn i kommunekassa i Gulen.
– Det er ei god gründerånd både i Sløvåg og på Mjømna. Det skjer mykje for tida, og dette har vi store forventningar til, vi reknar med god skatteinngang og mange arbeidsplassar.
(Artikkelen held fram under biletet)
Lite bidrag frå ordføraren
Sjølv kan ikkje ordførar Hallvard Oppedal skryte over å vere mellom dei som betalar mest skatt. Han hadde ei skattbar inntekt på 280.270 kroner i fjor, og han betalte vel 99.000 kroner i skatt. Det er ikkje fordi han tener så dårleg som ordførar.
– Eg vart ordførar på slutten av året, eg var mjølkeprodusent før eg vart ordførar, så det dreg nok litt ned. Eg kjem nok høgare i 2012.
Jølstring på skattetoppen
Men heilt på skattetoppen finn vi jølstringen Ivar Helgheim. Han budde i mange år vekke frå heimbygda, men flytta attende i 2010. Samla sett betalte 74-åringen 8,2 millionar kroner i skatt.
Det er 3,7 millionar kroner meir enn oppdrettsgründer Ola Braanaas i Gulen.
På tredjeplass over dei som betalte mest skatt, finn vi Helene Huus frå Florø som også toppar inntektslista i fylket.
Her er lista over dei som betalte mest i skatt i Sogn og Fjordane i 2011: