NRK Meny

Satsar stort i Vik, men kan ikkje love fleire arbeidsplassar

Industriverksemda Vik Ørsta AS vil satse 23 millionar kroner i utvikling av produksjon berre det neste året. Investeringane kjem for å sikre lokal produksjon, men selskapet kan ikkje love fleire tilsette i Vik.

Vik Ørsta

STORE ENDRINGAR: Vik Ørsta AS sin fabrikk i Vik i Sogn står overfor store endringar når selskapet har vedteke å investere og automatisere deler av produksjonen ved fabrikken.

Foto: Arve Uglum / NRK

Artikkelen er flere år gammel.

– All industri slit med høge kostnadar, og har to løysingar. Enten kan ein produsere i utlandet, eller investere i automatisering og robotisering. Vi går for det siste, for vi ynskjer å ha produksjonen i Noreg, seier administrerande direktør i Vik Ørsta AS, Kjetil Nesse.

I ei pressemelding skriv selskapet at dei vil satse 23,5 millionar kroner i 2014. Verksemda leverer delar innan trafikk og tunnelsikring, og har produksjonslokale i Ørsta og i Vik i Sogn. For avdelinga i Sogn vil dei nye investeringane føre til store endringar.

– I Vik har det vore mykje manuelt arbeid og lite automatisering. Med det løftet vi gjer der no blir det ein heilt anna måte å jobbe på, og vi treng anna kompetanse og mykje opplæring, fortel Nesse.

Ved fabrikken i Vik kjem det mellom anna ei robotisert knekke og ein universalrobot for sveising og handtering av materiale.

Trur investeringane er einaste riktige for å sikre arbeidsplassar

Ved tidlegare høve har det vore uvisse kring situasjonen for dei tilsette i Vik, og det har vore aktuell å kutte fleire tilsette. No understrekar Nesse at endringane ikkje skal gå ut over dei tilsette.

– Det vi gjer er ikkje ein trugsel mot arbeidsplassar, det er heller med på å sikre dei arbeidsplassane som er. Vi vil halde oppe og sikre dei arbeidsplassane som er i Vik, men på kort sikt er det ikkje snakk om fleire arbeidsplassar der.

Selskapet med 300 tilsette totalt, 90 av desse i Vik, har vore i vekst dei siste åra, og hadde i 2012 driftsinntekter på over 600 millionar kroner.

– Vi reknar med å halde fram veksten, og dei gode resultata våre er det som gjer at vi kan gjennomføre ei slik satsing.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar