Hopp til innhold

Styret i Vik Ørsta vil kutta

Styret i selskapet Vik Ørsta støttar administrasjonen, og dermed kan 40 tilsette miste jobben.

Vik Ørsta

Vik Ørsta produserer vegsikringsprodukt

Foto: Arve Uglum / NRK

- Det er klart at dette er ein vanskeleg situasjon for både leiinga og tilsette. Dei tilsette opplever så klart uro og at det heile er lite føreseieleg når me er inne i drøftingar og vurderingar rundt denne saka, seier direktør i Vik Ørsta, Rolf Inge Roth.

Forferdeleg skuffa

Rolf Inge Roth

Rolf Inge Roth, administrerande direktør i Vik Ørsta

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Styremøtet der avgjerda vart teke fann stad tysdag ettermiddag.

Auka konkurranse frå utlandet gjer at selskapet - som produserer vegsikringsprodukt - må gjere grep for å sikre framtida.

Ove Fretheim, hovudtillitsvald i Vik er ikkje einig med styret.

- Me er forferdeleg skuffa over vedtaket i dag, og hadde ikkje venta det heller med tanke på dei resultata me har her i Vik.

Han presiserer at det er snakk om 20 arbeidsplassar i Vik og om lag det same i Ørsta.

- Ikkje godt nok uansett kva me leverer

- Me hadde eit lite håp om at me hadde klard å snu nokre av styremedlemmane. Å flytta produksjonen frå Vik til utlandet tener ein minimalt på, og med små investeringar i Vik kunne me ha henta inn det ein ville ha tjent på å flytta produksjonen ut av Vik. Det er eg heilt sikker på.

- Korleis er stemninga blant dei tilsette no?

- Mange er resignerte og forstår det ikkje. I Vik har me 90 tilsette og i Ørsta over 200. Og i Vik står me for om lag halvparten av resultatet. Så me har eit fantastisk resultat her i Vik, men det er tydelegvis ikkje godt nok uansett kva me leverer.

Administrerande direktør Roth fortel det ikkje er klart kor mange arbeidsplassar som vil verta råka.

- No vil me bruka tid til å jobba med dette framover. Så me vil nok vera godt inne i nyåret for me ser kva omfang dette vil få. Så me vil bruka vinteren og våren til å gjera gode vurderingar for kva som er riktig å gjera vidare.

- Nokre vil mista jobben

Tillitsvald Fretheim er sikkert på at nokon arbeidsplassar forsvinn frå fabrikken i Vik.

- Me må visa resultat i løpet av nokre få månader. Etter eit års tid vil alt fella på plass så ein ser kor mange som vil verta råka, men at nokon vert råka er nok heilt sikkert.

- Men de har ikkje gjeve opp?

- Me jobbar vidare med saken, og har ikkje gjeve opp. Og me kan kanskje berga noko av verksemda ved å effektivisera drifta. Men det er forferdeleg vanskeleg å få investeringsmidlar til å gjera enkle grep så det kunne ha gått mykje betre.