Hopp til innhold

Nytilsette i Nordfjord Kjøtt bør få betre HMS-opplæring, meiner Veritas

Nordfjord Kjøtt bør betre opplæringa av nytilsette, men har elles eit godt system for opplæring, skriv Veritas i ein rapport.

Nordfjord Kjøtt

RAPPORT OM ARBEIDSTILHØVA: Nytilsette må få betre HMS-opplæring, meiner Veritas.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Nordfjord Kjøtt bestilte rapporten frå Veritas etter medieoppslaga om bedrifta hausten 2014. NRK Sogn og Fjordane hadde då fleire saker om tilsette som hadde kome til skade.

No har avisa Fjordingen fått tilgang til rapporten. NRK var tidlegare i veka i kontakt med Nordfjord Kjøtt for å få ut rapporten, men vart då avvist av dagleg leiar Geir Egil Roksvåg.

Ifylgje Fjordingen konkluderer Veritas med at Nordfjord Kjøtt har eit godt system for opplæring, og at det er investert i nytt, moderne produksjonsutstyr med tilhøyrande verneinnretningar.

Veritas rosar og verksemda for at det er tilsett eigen fysioterapeut og at dei tilsette har tilgang til treningsrom.

«Betre opplæring av nytilsette»

På den andre sida meiner Veritas at opplæringa i helse, miljø og tryggleik (HMS) for nytilsette bør bli betre. I tillegg bør det bli betre rutinar for handtering av avvik, det må etablerast vedlikehaldsplanar for anlegg og arbeidsutstyr, og det må vere kontinuerleg arbeid for god HMS-kultur.

Geir Egil Roksvåg

SAMD I DELAR AV RAPPORTEN: Dagleg leiar Geir Egil Roksvåg.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

NRK har prøvd å kome i kontakt med dagleg leiar Geir Egil Roksvåg i Nordfjord Kjøtt for å få hans kommentar til rapporten, men han har ikkje vore tilgjengeleg.

Både samd og usamd

Til avisa Fjordingen seier Roksvåg at Nordfjord Kjøtt er samd i mykje i Veritas-rapporten, men usamd i andre delar.

– Vi har utfordra Veritas på ein del punkt vi meiner dei må ha misforstått eller ikkje fått med seg. Så er det slik at det er forbetringspunkt i alle bedrifter.