Men museumsdirektør Aage Engesæter er ikkje spesielt overraska; han meiner det kan finnast mange verdifulle klenodium rundt omkring på gardar i Sogn og Fjordane.
Frå 1600-talet
Det spesielle kruset som dukka opp på Sogn Folkemuseum i helga, er datert til 1600-talet. Sogn Avis skriv i dag at det truleg kan omsetjast for ein million kroner. Dette vil ikkje Engesæter stadfeste, men han vedgår at kruset kan vere svært verdifullt.
Skal vurderast
Sølvkruset skal no vurderast av Kunstindustrimuseet, for nærare å kunne vurdere kven som har laga det og kvar det kjem frå. Dette har mykje å seie for verdien til klenodiet. Men for dei tilsette ved Sogn Folkemuseum var opplevinga søndag litt spesiell. Det er ikkje daglegdags at folk kjem med slike klenodium til vurdering.