NRK Meny
Normal

Ventar på dom i Entra-saka

Partane er spente på dommen etter at rettssaka mellom måløyselskapet Norwegian Datacenter Group og Entra er over.

Slik kan datalagringa i Lefdal gruve bli

DATALAGRING: Slik kan datalagringa i gamle Lefdal Gruve sjå ut når senteret står ferdig. Men først ventar gründerane bak prosjektet dommen i saka mot statlege Entra om eit tilsvarande prosjekt på Austlandet.

Foto: Pressefoto

Norwegian Datacenter Group er selskapet bak Lefdal gruve, og er i tvist med den statlege eigedomsgiganten Entra om eit anna datalagringsprosjekt Greenfield i Akershus.

Dagleg leiar Jørn Skaane i Norwegian Datacenter Group er spent på om han må betale eller får utbetalt millionerstatning.

– Vi er nøgde. Vi fekk lagt fram denne saka slik som vi meiner den er frå vår side, og vi håpar at dommaren er samd i at slik Entra har opptredd i denne saka, slik skal ein ikkje opptre, for å seie det svært enkelt.

Samarbeid havarerte

I 14 dagar har måløyselskapet Norwegian Datacenter Group vore i rettssak mot den statlege eigedomsgiganten Entra.

Bakteppet er dei havarerte planane om eit stort datalagringssenter på Fet i Akershus, gjennom selskapet Greenfield der både NDG og Entra var inne på eigarsida. Begge selskap har skulda kvarandre for å ha brote inngåtte avtalar.

Eit Nordfjord-selskap kan bli størst i Norge på datalagring. Lefdal Mine Datacenter kjøper statlege Entra sitt store datalagringsprosjekt utanfor Oslo. Det blei feira i Måløy i dag.

I løpet av februar er avgjerda venta å vere klar, kor mykje som kan bli utbetalt i erstatning frå den tapande part er uvisst, men summane kan verte høge.

– Det er ikkje vi som på ein måte gir dei tala, det er kontraktane og byggekostnadane. Difor så har vi ikkje eintydige og sagt at vi krev sånn eller slik, men latt det vere opp til skjønnet til retten gitt at vi vinn på at Entra har misleghalde seg som aksjonær.

Meiner dei har handla i tråd med avtalane

Juridisk direktør i Entra, Hallgeir Østrem, seier også dei trur på medhald i rettssaka.

– Entra har opptredd i samsvar med dei inngåtte avtalar i saka og det forventar vi også at retten legg til grunn.

Østrem vil ikkje gå nærare inn på kva deira erstatning eventuelt kan bli om Entra vinn fram.

– Det er framleis ikkje avklart. Vi har fått fremja vårt synspunkt i saka og er nøgde med det.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå