Hopp til innhold

Ventar langt fleire erstatningskrav

Landbruksdirektør Christian Rekkedal er budd på langt fleire søknader enn vanleg på avlingsskadeerstatning. Regn både før og etter den dårlege førsteslåtten har betra fôrsituasjonen i store delar av Sogn og Fjordane. Medan fleire bønder ser ut til å berge seg på ein tredjeslått, er avlinga veldig dårleg for bønder i Indre Sogn og Stryn.

Landbruksdirektør Christian Rekkedal
Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord