Hopp til innhold

Venstre gjer det elendig på målingane – hamnar i skuggen av alle andre

JØLSTER (NRK): Venstre har nesten aldri gjort det så dårleg på målingane som nett no. Venstrefolket er deprimerte og irriterte, men likevel lojale til Erna Solberg.

Geir Kjell Andersland

VIL SMELLE I DØRENE: Geir Kjell Andersland i Vestland Venstre vil at partiet skal smelle meir i dørene i Stortinget, og markere seg på sakene dei vinn fram med.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er ei tøff tid for oss, eg kan nesten ikkje hugsa at vi nokon sinne har lege så lågt på målingane, og det er lett å bli litt deprimert, sa leiar i Hordaland Venstre på det nye fylkeslaget Vestland Venstre sitt årsmøte i helga.

Fylkeslaga i Sogn og Fjordane og Hordaland slår seg saman til det som er det nest største fylkeslaget i partiet. Dei dårlege målingane dei siste månadane la sitt preg på den politiske debatten på møtet.

Nettstaden pollofpolls.no har publisert eit snitt av alle meiningsmålingar kvar månad i meir enn ti år. I januar 2019 syner snittet av åtte ulike meiningsmålingar at Venstre ligg på ein oppslutnad på 3,3 prosent. I dei 133 månadane pollofpolls.no har publisert snitt av målingar, er det den nest lågaste oppslutnaden Venstre har hatt.

– Folk veit ikkje kven vi er eller kva vi står for

Venstrefolket i Vestland fylke var ikkje heilt samde om kva som må til for å snu den mørke trenden til partiet.

– Vi får fantastiske gjennomslag, men likevel går meiningsmålingane berre nedover og nedover. Eg trur litt av grunnen er at Venstre ikkje har truverd på sosialpolitikk, sa fylkestingskandidat frå Bergen Geir Kjell Andersland.

– Venstre må smelle meir med dørene. Vi skal vere lojale, men vi må også kome mykje tydelegare på banen for sakene vi kjempar for, sa Andersland.

Fylkesleiaren peika på at andre parti i regjeringa kanskje har vore flinkare til å markere seg på kjernesakene sine.

Valkampsjef i Bergen Peder Lofnes Hauge tok derimot til ordet for ein ganske motsett taktikk, nemleg at Venstre må slutte å klage så mykje over sakene der dei har tapt.

– Venstre har eit stort problem, folk veit ikkje kven vi er, og dei som veit kven vi er veit ikkje kva vi står for. Vi må slutte å dyrke nederlaga våre, og heller dyrke sigrane våre. Vi må vere disiplinerte fram mot valet og samle oss om sigrane våre, sa Hauge.

Peder lofnes Hauge

VIL BLI TYDLEGARE: Valkampsjef i Bergen Peder Lofnes Hauge vil at Venstre skal bli klarare i talen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Kommentator: – Typisk parti i motgang

Politisk kommentator i NRK Magnus Takvam seier at analysen som seier at ein må kommunisere politikken sin tydelegare er heilt typisk for parti som slit på meiningsmålingane.

– Det er heilt vanleg at når det går dårleg, så er det eigentleg ikkje politikken det er noko gale med, men kommunikasjonen.

Det er ikkje første gong det blir snakka om tydelegare kommunikasjon i Venstre heller, men Takvam trur dei har ei stor oppgåve framføre seg for å faktisk løyse det.

– Problemet til Venstre er at dei har hamna i skuggen av dei andre i regjeringa, og inntrykket som sit att etter regjeringsplattforma er at både KrF og Frp har fått større sigrar enn Venstre.