I nominasjonsprosessane rundt om kring i kommunane har gjerne dei unge politikarane fått ein plass langt nede på listene. Men takka vere personrøyster frå veljarane har ungdomskandidatane fleire stader klatra kraftig på listene.
I Flora får bystyret selskapet av fleire ungdomar. Der har fylkesleiarane i både Høgre og AUF fått sin plass i bystyret.
Tre av representantane i bystyret er no politikarar under 21 år.
– Det er over all forventning, seier Embla Belsvik i Unge Høgre.
– Folk vil at ungdomen skal bestemme
Då NRK møter Belsvik saman med fungerande fylkesleiar i AUF, Malene Indrebø-Langlo har dei fått studert personrøystene frå årets val. Belsvik stod på 8. plass, men kom inn som nummer fire når veljarane hadde sagt sitt.
– Eg hadde aldri trudd eg skulle få så mange ekstrastemmer. Det er mange fleire enn eg hadde trudd og eg takkar veldig for det, seier Belsvik.
På Ap-lista rykka AUF'aren Mathias Stang opp frå sjette til fjerdeplass. Fungerande fylkesleiar Malene Indrebø-Langlo i AUF ser ein klar trend.
– Folk vil ha ungdomen til å bestemme. Det trur eg mange kan lære til neste gang, at dei må setje ungdomen lenger opp på listene og prioritere oss på ein heilt annan måte, seier Indrebø-Langlo.
Sjølv heldt ho på sin 11. plass, med 53 personrøyster og 19 slengarar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Frå listefyll til kommunestyret
Ein rekkje stader i fylket har ungdommen klatra langt på listene takka vere personrøystene. I Årdal klatra senterungdommen Aleksander Øren Heen forbi sin eigen ordførarkandidat, og enda som nummer ein på lista. Han fekk nærmare 250 personrøyster og slengarar.
– Eg er kjempenøgd med dette resultatet, noko anna går ikkje an å vere, seier Øren Heen.
Men klatremeisteren blant dei unge i fylket må vere 24 år gamle Sveinung Rotevatn i Eid. Unge Venstre-leiaren stilte som listefyll på 23. plass i heimkommunen, men rauk rett inn på 8. plass.
– Eg trur faktisk veljarane er interesserte i at kommunestyra skal reflektere breidda i ein kommune. Dessverre er det nok slik at unge kandidatar kjem til kort lokalt. Det er nok gjerne slik at dersom du har vore aktiv i politikken lenge, så har du ein slags fortrinnsrett til listeplass. Så her synst eg partia i fylket bør bli flinkare, seier Rotevatn til NRK.no.
Slik har dei klatra andre stader
På den nystarta Tverrpolitisk liste i Selje klatra 26 år gamle Stine Aase Myhre frå 8. til 4. plass, med 48 personrøyster og 2 slengarar.
Fredrik Helland (21) klatra frå 13. til 11. plass på Høgre-lista i Flora med 68 personrøyster og 8 slengarar.
I Bremanger stilte Senterpartiet med senterungdom Anita Nybø på andreplass. Ho fekk 141 personrøyster og 34 slengarar. Ho får selskap i kommunestyregruppa av 25 år gamle Bjarte Vik. Han klatra frå 8. til 3. plass, med 83 personrøyster og 8 slengarar. Nybø er også sikra plass på fylkestinget.
Vi er ein ressurs
Tilbake i Florø er dei to fylkesleiarane klare på at partia bør prioritere ungdommen høgare på listene.
– Heilt klart. Eg trur vi er ein viktig ressurs for partia våre, seier Belsvik.
– Bør partia ta konsekvensen av signalet frå veljarane, og prioritere dokke høgare i sine nominasjonsprosessar?
– Eg trur det er positivt for partia at dei har unge kandidatar på listene, det trur eg trekkjer veldig mange veljarar. Flora har fleire unge på listene enn i mange andre kommunar, og eg meiner ein bør fortsette å ha fokus på dette, seier Belsvik.