Hopp til innhold

Vel blåst for coutryfestivalen på Breim

Festivalsjef Eva Hage Solstad er godt nøgd med årets festival, som for første gong også kunne by på meir intime konsertopplevingar.

Countryfestival på Breim
Foto: Runar Sandnes

– For min del vil konserten med Sigrid Moldestad og hennar Blågras-musikarar sitje lenge i. Det var ei flott oppleving i låven!

Sigrdi Moldestad

BLÅGRAS: Sigrid Moldestad opptredde fleire gonger med sitt Blågras-prosjekt

Foto: Runar Sandnes

Den lokale musikaren Sigrid Moldestad, meir kjend innan folkemusikken, hadde også ein mindre konsert i ei gammal stove på festivalområdet. Moldestad og gruppa deltok også på NRK sin CountryLutt-konsert.

– Vi har fått mange gode tilbakemeldingar på denne konserten. Ikkje minst var det kjekt at festivalpublikummet fekk sjå nokre av dei unge talenta vi har, seier Solstad.

Bra oppmøte

Trass i varierande ver har ho inntrykk av at oppmøtet har vore minst like bra som i fjor, både i festivalcampen og tal på dagbesøk.

– Dei endelege tala er ikkje klare endå, men dette er inntrykket. Eg trur publikum har kosa seg med mange flotte musikalske opplevingar. Fredag var det litt kjølig og folk trakk seg tilbake ganske tidleg, men i går hadde vi sommartemperaturar og folk nytta høvet til å sitte ute til langt på natt.

Sjå kva festivaldeltakarane seier om Countryfestivalen på Breim.

FESTIVALLIVET: Nokre hadde utdrikkingslag, andre var mest opptekne av å treffe bluegrass-stjerna Rhonda Vincent. Foto/redigering: Runar Sandnes

Den siste kvelden på festivalen kunne by på gruppa Staut, bluegrass-legenda Rhonda Vincent og publikumsfavoritten Kurt Nilsen.

– Då han gjekk på klokka halv eitt var det «tjåka fullt» framfor scena! Han hadde jo også eit fantastisk lys- og lydshow med seg. Eg trur heile Breim hadde konsert akkurat då, ler Solstad.

Folk oppførte seg fint – stort sett

Eva Hage Solstad

NØGD: Festivalsjef Eva Hage Solstad trur og håpar estivalpublikummet har hatt ei like fin festivalhelg som ho har.

Foto: Birger Meland / NRK

Ho synest festivalfolket stort sett oppførte seg fint, sjølv om det i løpet av natta kom nokre meldingar om fyll og slåsting.

– Det er sjølvsagt leit å høyre. Vi vil jo at ting skal gå fint og ryddig for seg. Tilfella var ikkje inne på konsertområdet, der er vi ekstra påpasselege ettersom vi ønsker at også dei under 18 år skal kunne delta. Vi jobbar førebyggande og har vakter, politi, Røde Kors og ambulanse til stades.

CountryLutt på Breim
Foto: Runar Sandnes