Hopp til innhold

Steinsprang stengde Gudvangatunnelen i fleire timar

Gudvangatunnelen på E16 i Aurland vart i 17-tida onsdag opna att, etter at den har vore stengd i fleire timar på grunn av steinar i vegbanen.

Kø Gudvangatunnelen 2

KØ: Køane har alt byrja å hope seg opp på E16.

Foto: Bjørn Rossland

Steinane hadde falle ned frå tunneltaket.

Kø Gudvangatunnelen

Fleire bilar står i bakken opp mot tunnelopninga på Flåm-sida av tunnelen. Den står også nedover i bakken bak bilane.

Foto: Bjørn Rossland

– Vi er på veg inn med lift for å sjekke tunnelen, sa trafikkoperatør Lise Kristoffersen til NRK i halv fire-tida onsdag.

Steinane i vegbana låg om lag tre til fire kilometer inne i tunnelen frå Flåm-sida. Tunnelen har vore stengt fleire gonger onsdag ettermiddag, blant anna fordi ein bil hadde tatt borti tunnelveggen.

Det var lange køar på begge sider av tunnelen.

Tunnel stengt