Vegvesenet: – Køyr forsiktig

Skal du over fjellovergangane i dag kan det by på utfordringar.

Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet.

DÅRLEG SIKT: Slik såg det ut på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet då det lysna av dag søndag morgon.

Foto: Webkamera/Statens vegvesen

– Sterk vind og snødrev skapar utfordringar, fortel vaktoperatør Kjetil Larsen hos Vegtrafikksentralen til Statens vegvesen i Bergen.

Dette syner og igjen i trafikkmeldingane han sende ut søndag.

Klokka 06.45 måndag er dette status på fjellovergangane:

  • Riksveg 7 over Hardangervidda: Kolonnekøyring. Ventetida er minst ein time.
  • Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt på grunn av ras. Ny vurdering klokka 12.
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet: Open for trafikk, men det kan verte innført kolonnekøyring på kort varsel.
  • Fylkesveg 13 over Gaularfjellet er stengt.

Fylkesveg 50 Hol-Aurland er no opna for fri ferdsel etter kolonnekøyring.

Hemsedalsfjellet var stengt ein periode søndag ettermiddag på grunn av fleire vogntog som stod fast på begge sider på det svært krevjande føret. Desse har brøytemannskapa no hjelpt i gang igjen.

På E16 over Filefjell og riksveg 15 over Strynefjellet er det fri ferdsel, men der vert det og meldt om snøbyer og bra med vind.

Det vert også meldt om krevjande køyreforhold på Austlandet og i Trøndelag.

Mykje slaps på vegane

Vinden og nedbøren merkast også i låglandet, skal vi tru vaktoperatøren hos Vegvesenet.

– I Sogn og Fjordane har vi fått inn fleire meldingar om at det er mykje snø og slaps på vegane i heile distriktet, fortel Larsen til NRK søndag føremiddag.

I Hordaland er det ikkje snø i låglandet.

– Her har vi mest utfordringar med overflatevatn, seier Larsen.

– Alt tilgjengeleg mannskap er ute

Han seier at entreprenørane har alt tilgjengeleg mannskap og utstyr ute på vegane. Og til bilistane har han denne oppmodinga.

– Køyr fint og etter forholda.

Så mykje trøyst er det heller ikkje å hente hos meteorologane. Rett nok skal snøbyene i Sogn og Fjordane gå over til regn i løpet av dagen. Men i vestlege fjellstrøk vil søndagen vere prega av kuling og snøbyer.