Hopp til innhold

Vegvesenet går for tunnel forbi Vadheim

Ein 4,2 kilometer lang tunnel forbi Vadheim kan bli framtidig E39-trasè.

Tunnel forbi Vadheim

NY TUNNEL: Her kan det i framtida kome ny tunnel som skal gå rett forbi Vadheim.

Foto: Statens vegvesen

Statens vegvesen skriv i ei pressemelding at dei tilrår ein lang tunnel forbi Vadheim som den beste framtidige E39-trasèen frå Bogstunnelen til grensa til Gaular kommune.

Tunnelen på 4,2 kilometer vil då gå frå Bogen til Ytredalen med tilknyting til Vadheim i begge endar. Frå Ytredalen vil E39 halde fram i til grensa mellom Høyanger og Gaular kommune.

Trygg og rask E39

Planleggingsleiar Ellen Njøs Slinde i Statens vegvesen seier at dette alternativet vil gjere E39 tryggare og raskare.

– Vi får god tilknyting til fylkesveg 55 og 93 og til Vadheim. Dette alternativet tilfredsstiller målet om å redusere transportkostnader og reisetida på E39, som eit ledd i eit effektivt Nord-sørsamband på Vestlandet, seier ho i ei pressemelding.

Alternativet som er valt gir ei kort dagsone i Bogen med ein parallell gang- og sykkelveg og av- og påkøyringsramper for dei som skal til og frå Vadheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Framtidig E38 forbi Vadheim

BESTE ALTERNATIV: Dette alternativet ser vegvesenet som det beste for framtidig E39 frå Bogstunnelen til Gaulargrensa.

Foto: Statens vegvesen

150 millionar kroner dyrare

Rampa med trafikken som går nordover vil gå om lag der E39 er i dag, medan rampa med sørgåande trafikk vert lagt i ein tunnel under det som vert ny E39.

I Ytredalen er det planlagt eit t-kryss som koplar seg på eksisterande E39. Eit alternativ med rampar i Bogen er 150 millionar kroner dyrare enn alternativet med berre kryss i Ytredalen. Vegvesenet tilrår likevel dette alternativet.

Statens vegvesen har no sendt ut forslaget på høyring i samband med Høyanger kommune sin kommunedelplan. Det vil også bli arrangert informasjonsmøte i Vadheim i samband med E39-planane.

Det har ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå ordførar i Høyanger Petter Sortland.