Vedvik vann halvmaraton

Marius Vedvik frå Førde var klart raskast på halvmaraton-distansen under Oslo Maraton i dag. Vedvik, som spring for Gular, leia frå start til mål, og var aldri truga i Oslo-gatene, skriv arrangøren på sine nettsider. Vedvik gjekk i mål på tida 1:05:41. I fjor hamna han på fjerdeplass med tida 1:05:52.

Marius Vedvik
Foto: Solveig Svarstad / NRK