Hopp til innhold

Våt til livet, gjekk bilføraren ein iskald kilometer for å finne varme.

– Han har vore veldig heldig. Hadde bilen rulla nokre meter til, så ville bilen vore heilt dekt av vatn, seier innsatsleiar Magne Straumstein hos politiet.

Bil i fjæresteinane ved Skjolden

UNDER VATN: Bilføraren fekk knust ruta i førardøra og søkte tilflukt hos folk i området etter uhellet. – Det var delvist vatn framme i kupeen. Førarsida var dekt av vatn, skildrar innsatsleiar hos politiet, Magne Straumstein.

Foto: Terje Weka

Politiet vart i 04.30-tida varsla om ein bil som hadde køyrt i fjorden på fylkesveg 331 ved Skjolden i Luster.

Føraren, ein mann i 50-åra, var åleine i bilen og kom frå uhellet utan fysiske skader. Men det kunne gått langt verre.

Innsatsleiar

HELDIG: Innsatsleiar Magne Straumstein i politiet seier bilføraren var heldig som kom uskadd frå trafikkuhellet i Luster.

Foto: SIGRID SKJERDAL / NRK

Bilen gjekk rett fram i ein knapp høgresving og tippa utfor vegen. Den vart liggande på taket i fjæresteinane, med førarsida dekt av vatn.

– Det som kan vere utfordrande i mange samanhengar, dersom bil går under, er at elektrisk anlegg kan slutte å fungere så ein ikkje får opp ruta. Føraren var heldig som hadde hammar i bilen og fekk knust ruta, seier innsatsleiar for politiet i Sogn, Magne Straumstein.

Gjekk ein kilometer

Bil i fjæresteinane ved Skjolden

RETT FRAM: Bilen gjekk rett fram i høgresvingen og hamna på taket i fjæresteinane.

Foto: Terje Weka

Straumstein opplyser at vinterføre truleg var ei medverkande årsak til uhellet. Dei har oppretta sak og vil søke å få klarlagt nærare årsaka. Patruljen opplevde vegen som glatt på staden.

Føraren vart sett til av ambulansepersonell, men kom frå uhellet utan fysiske skader.

– Bilføraren var naturlegvis skjelven. I tillegg til å vere våt til livet, skulle han ta seg ut av bilen og gå ein kilometer i minusgrader til næraste hus, seier innsatsleiaren og legg til:

– Heldigvis var det ein hyggeleg bebuar som tok han inn i huset og gav han tørre bukser, jakke og varme.

– Det kan vere glatt

Trafikkoperatør Idar Sangolt ved Vegtrafikksentralen i Bergen opplyser at det er ruskete på alle fjellovergangar i Sør-Noreg, og at snøen ligg heilt i fjæresteinane. Det har skapt utfordringar for bilistane.

Etter det NRK kjenner til skal det ha vore fleire utforkøyringar måndag morgon.

Vaktoperatøren ber folk tilpasse fart og køyring etter forholda.

– Vi har fått inn eit par klager på glatt veg og manglande brøyting, men vi har hatt bilar ute i heile natt så det skal vere gjort tiltak. Så vidt vi veit skal det vere greie forhold, men det er vinter så folk bør vere obs. Det kan vere glatt, seier Sangolt.

UHELL: Trafikkuhellet skjedde på Sørsidevegen i Luster, mellom Bertheigane og Feigefossen.