Hopp til innhold

Vassverk må be kommunen ettergi utgifter etter flaum

Det vesle privateigde vassverket i Innvik har fått økonomiske problem etter skadeflaumen i fjor haust.

Innvik i flaum

STORFLAUM: Vassverket i Invvik har fått store ekstrakostnader etter flaumen i fjor haust.

Foto: Karin Vindfjell Frøholm

Fleire kommunar på heile Vestlandet blei i oktober råka av den verste skadeflaumen i manns minne. Det vesle privateigde vassverket i Innvik i Stryn som forsyner 250 abonnentar blei hardt råka.

– Det som skjedde var at alle inntaka var grevne ned av grus og aur som kom med flaumvatnet, seier Terje Solvang som er styreleiar for Innvik Vassverk.

Dermed stod den veslebygda utan vatn. Då trødde bøndene i i området til og køyrde vatn i tankvogner, og ikkje minst Stryn kommune som stilte opp og sikra drikkevatn til innbyggarane.

– Der fekk vi god hjelp noko vi er svært takksame for.

Høge kostnader

Men all hjelp og reprerasjonene i ettertid har også ei økonomisk side. Vassverket reknar med ekstrakostnader på fleire hundre tusen kroner. For å gjere vondt verre kom det på toppen av at dei nettopp hadde gjennomført eit kostbart vedlikehald av nettet.

– Så når flaumen kom så hadde vi brukt opp dei pengane, men vi måtte berre skaffe vatn til abonnentane våre.

Sjølv om vassverket får dekka deler av ekstrautgiftene, er det ikkje alt som blir omfatta av forsikringa.

Fri til kommunen

Berre hjelpa frå kommunen har ein prislapp på vel 77 000 kroner, noko som er mykje for stramme økonomien til vassverket.

– Vi ber no kommunen ettergi deler eller heile denne summen.

I Stryn kommune kan ikkje ordførar Sven Flo på ståande fot love å etterkome ønske.

– Vi har mottatt brevet, men vi har ikkje fått behandla det politisk.

Sven Flo

HAR FÅTT SØKNADEN: Ordførar i Stryn, Sven Flo.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– 77 000 kan vere mykje for eit lite vassverk, men for kommunen er det vil ikkje så mykje?

– For kommunen isolert sett er det ikkje mykje, men det er ikkje snakk om det mykje pengar eller ikkje, men om prinsipp. Vi kan få mange slike søknader og må behandle alle likt.

I løpet av komande veke reknar Flo med at dei skal få behandla søknaden slik at dei kan gi vassverket eit svar.