Hopp til innhold

Vart toppscorar utan å spele

Korsbandskadde Maria Oppedal spelte ikkje kampen, men vart likevel toppscorar for handballdamene til Førde. Skaden fekk ho for ti månadar sidan. – Eg har hatt god utvikling på treningane i det siste. Så eg gav melding om at eg kunne vere med, men då berre dersom eg fekk ta straffekasta, seier ho til Førde sine nettsider. Som sagt så gjort, Oppedal sette inn seks av sju straffekast, og scora med det like mange mål som lagveninna Lara Zidek.

Maria Ullebust Oppedal
Foto: Thomas Brakstad / NRK