Hopp til innhold

To kompisar frå Sogn og Fjordane vann over 32 millionar kroner i Vikinglotto

Onsdag 26. juni 2013. Den datoen kjem nok dei to kompisane til å hugse resten av livet, for det var datoen dei stakk av med førstepremiepotten i Vikinglotto på 32 millionar kroner.

Vikinglotto onsdag 26. juni 2013

VINNARREKKJA: Over 32 millionar kroner vann kompisane frå Sogn og Fjordane i Vikinglotto onsdag.

Foto: Skjermdump / Norsk Tipping

Kveldens førstepremie var på heile 32,5 millionar kroner, utan lykketalspotten.

Den var det to kompisar, ein 38-åring og ein 39-åring, frå Sogn og Fjordane som stakk av med. 39-åringen måtte setja seg då Norsk Tipping ringde

– Han vart kjempeoverraska då eg ringde. Dei følgde ikkje med på trekninga, so det var ei stor overrasking for dei, seier Yngvild Nygaard, rådgjevar i Norsk Tipping.

Dei to har spelt i lag i to år, og det var 39-åringen som leverte inn kupongen denne veka.

– Først vart det ganske stille i telefonen, før han sa at «no må eg berre setja meg rett ned på sofaen. Sopass ja, det er ikkje småpengar. Herregud, no må eg ringe kompisen min. Dette er heilt vanvitig, me er blitt mangemillionærar.». Men han var ein stødig og jordnær kar som tok bodskapen med fatning, seier Nygaard.

Dei ønskjer å vera anonyme, men det er ein mann på 39 år med kone og tre born og ein 38 åring som er singel som er blitt veldig mykje rikare denne onsdagen.

– Dei får tilbod om økonomisk rådgjeving, og det ville han (39-åringen) også ha. Han sa det var ei god kjensle at å få ein slik pengesum i den livsfasen han er i. Han er gift, har kone og tre born, so han sa det var ei god kjensle å sitta i sofaen og tenkje på at framtida er sikra for familien.

39-åringen vil bruka pengane til å nedbetala gjeld og sikra framtida for familien.

– Men dei skulle unna seg ein ferietur no på seinsommaren, seier Nygaard.

– Og so skulle dei feira litt i kveld.