Hopp til innhold

11 veit ikkje at dei vart millionærar i påska

Fem kvinner og seks menn veit framleis ikkje at påska vart ein million kroner betre laurdag kveld.

Norsk Tipping.

JAKTAR IGJEN: Norsk Tipping er i full gang med å ringe 12 personar som ikkje veit at dei vart millionær påskaftan.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Norsk Tipping trekte nemlig ut 46 SuperLotto-vinnarar, men etter ringerunda same kveld fekk dei kontakt med 33 av desse.

Den yngste millionæren er 27 år, medan den eldste er 87 år. Ein nybakt millionær, som dei laurdag fekk kontakt med, er ein 50 år gamal mann frå Førde.

– Vi jobbar framleis med å få tak i 13 av dei, då dei ikkje tok telefonen laurdag kveld, fortalde kommunikasjonsrådgjevar Ingunn Børresen søndag morgon.

Jaktar vinnarar

Børresen starta dagen med 13 nybakte lottomillionærar, men då NRK.no ringde hadde Norsk Tipping allereie fått kontakt med den yngste nybakte millionæren, ein 27-åring frå Ørsta.

Kort tid seinare fekk dei også kontakt med ei 61 år gamal kvinne frå Halden.

– Vi var mange som sat i går kveld og ringde. Om det er det at dei er på hyttetur, har dårleg dekning eller har fått nye mobilnummer er umogeleg å seie. Men vi held på til vi får kontakt med dei, seier Børresen og fortel at den eine nybakte millionæren først ikkje ville ta telefonen fordi han trudde det var jobbrelatert.

– Hyl og gråt

Ein annan grunn til at folk ikkje svarar, er at folk trur det er seljarar. Det er likevel stor glede hos dei nybakte millionærane som Norsk Tipping sporar opp.

– Det går frå latter, hyl og gråt til nesten mistru. Nokre ringer opp att til kundeservice for å sjekke, fortel kommunikasjonsrådgjevaren og legg til at det uansett ikkje vil gå så lang tid før vinnarane ser på kontoutskrifta kor heldige dei har vore.

– Pengane er på konto etter nokre få dagar. Det er ikkje sjeldan at det er då vinnarar finn ut at dei har vunne i Lotto, legg Børresen til.

Heldige vinnarar

No jobbar altså Norsk Tipping med å spore opp dei siste 11. Desse er:

  • Mann (46), Trondheim
  • Mann (43), Sauda
  • Mann (46) Lier
  • Kvinne (56) Mosjøen
  • Kvinne (38) Bærum
  • Kvinne (66) Mjøndalen
  • Mann (41), Kvinesdal
  • Mann (35), Sellebakk
  • Mann (52), Ski
  • Kvinne (37), Loddefjord
  • Kvinne (56), Stavanger