Hopp til innhold

Song til ein irriterande, sjarmerande veslebror

Veslebrør kan vere irriterande. Men fine og. Vilde Hjelle lét seg inspirere av sin veslebroren sin, Kristoffer.

UKM Sogn og Fjordane

SØT SANG: Sjølv om søsken kan vere ei ekte plage, så er blod tjukkast. Det song Vilde Hjelle om under UKM-mønstringa.

– Han e veslebroren min. Eg synest han er veldig fin. Kanskje vere sint på han, for han gjer så godt han kan. Han er veslebroren min, eg synest han er veldig fin. Han har lyst og krølla hår, han er berre fire år, syng Vilde Hjelle (12) bak flygelet.

«Eit hjarte av gull» er tittelen, og den handlar om dei doble kjenslene ein kan ha for eit sysken, spesielt dei yngre.

– Han likar songen sjølv, og syng den av og til i barnehagen, fortel ho.

Vilde og Kristoffer Hjelle

KRISTOFFER: Veslebroren har inspirert Vilde Hjelle.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

I år som i fjor har ho saman med far Tore Hjelle skrive songen ho framfører på UKM.

– Vi har faktisk halde på med ein song i det siste, som eg tenkte vi kan ha på UKM neste år, smiler ho.

Vilde har halde på med musikk i tre år. Piano på musikkskulen, og song i tillegg på eiga hand. I tillegg til å synge fekk Vilde også æra av å ta imot diplomet «Årets turbokommune» på vegner av heimkommunen Eid.

– Det var veldig kjekt, fortel ho, letta etter framsyninga.